Hovudmål 4:

Berekraftig utvikling

Skildring av hovudmålet

Den medisinske og teknologiske utviklinga medfører at vi kan gjere meir, men også at vi kan yte tenester på andre måtar. Eksempel på det er nye pasientforløp og tenester utanfor sjukehusa. Nye metodar og verktøy gjer oss mellom anna i stand til å automatisere og robotisere større delar av verksemda, yte virtuelle tenester og flytte oppgåver nærmare pasienten. Geografien og busetjingsmønsteret på Vestlandet krev at vi realiserer potensialet som ligg i dette, slik at vi kan møte utfordringane knytte til auka behov og avgrensa ressursar i helsesektoren. Samtidig skal ivaretaking av miljøet vere ein integrert del av Helse Vest si verksemd. Helseføretaka skal ha så liten negativ miljøpåverknad som mogleg, og vi skal vere ein pådrivar for å ta samfunns- og miljøansvar. Omgrepet «berekraft» omfattar derfor både miljø- og ressursrelaterte faktorar.

Dagens situasjon og utfordringar

Behovet for spesialisthelsetenester er venta å auke kraftig i planperioden, men tilgangen til menneskelege og økonomiske ressursar vil ikkje ha den same veksten. Samtidig har FN slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita. Verdens Helseorganisasjon meiner dessutan at klimaendringane er den største helsetrusselen vi står framfor. Dette er utfordringar som krev nye løysingar og vesentlege endringar i korleis vi ivaretek samfunnsoppdraget vårt.

Oversikt over hovudtema og tilhøyrande innsatsområde

Utviklingsplanen legg særleg vekt på områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Samtidig er strukturen og innhaldet tilpassa den nasjonale rettleiaren for utviklingsplanar. Med bakgrunn i dette, har vi skildra totalt 15 innsatsområde som skal støtte opp om dei fire hovudtemaa. Nedanfor er innsatsområda delte inn etter hovudtemaa. Det er likevel verd å merke seg at eitt innsatsområde gjerne kan vere relevant for fleire tema.

Oppdatert desember 2022