14. Berekraft

Strategisk mål

Økonomi og ressursar

Vi skal auke verdiskapinga og ha god økonomistyring for å sikre den økonomiske berekrafta. 

Miljø - og samfunnsansvar

Vi skal redusere CO2-utsleppet med 40 prosent innan 2030.

Bakgrunn og utfordring

Økonomi og ressursar

Behovet for spesialisthelsetenester er venta å auke mykje i strategiperioden, men tilgangen til ressursar vil ikkje ha den same veksten. Vi må derfor i større grad enn tidlegare prioritere kva vi skal bruke menneskelege og økonomiske ressursar på. 

Vi står overfor nye utfordringar, som krev nye løysingar. Helse Vest må utvikle seg i tråd med dette. Det betyr blant anna at vi må dra nytte av dei teknologiske moglegheitene, effektivisere prosessar og drift, realisere potensialet i pasientane sin eigeninnsats og yte tenester på det nærmaste effektive nivået. Det vil mellom anna krevje høgare digital modenskap og ei god digital plattform. 

Miljø - og samfunnsansvar

FN har slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita, men ifølge Verdens Helseorganisasjon er endringane også den største helsetrusselen vi står framfor. 

Spesialisthelsetenesta er ein stor samfunnsaktør med eit stort samfunnsansvar. Med 150 000 tilsette frå Hammerfest til Kristiansand og omlag 2,2 millionar pasientar innom årleg, set norske sjukehus eit solid avtrykk. Potensialet for å kutte utslepp er stort. Men for å utnytte det potensialet er omstilling nødvendig. 

Utviklingsretning

Økonomi og ressursar

Pasientforløpa skal endrast monaleg gjennom teknologistøtta behandling og kommunikasjon. Pasientane skal oppleve eit betre servicenivå gjennom auka tilgjengelegheit, fleire sjølvbeteningsløysingar og meir automatisering. Om det er mogleg for pasienten, skal dei sjølve bidra meir i behandlinga og administrasjonen av helsetenestene. Det vil effektivisere ressursane for spesialisthelsetenesta samtidig som pasientane får sjansen til å meistre sin eigen situasjon. 

Medisinsk-teknisk utstyr som blir brukt i norske sjukehus må kunne samhandle basert på internasjonale standardar, og integrerast med opne og sikre IKT-plattformer. Samtidig må tilgangen til data av høg kvalitet blir langt betre. Det vil auke kvaliteten og den operasjonelle effektiviteten i pasientbehandling og forsking, og gi meir tilgjengeleg styringsinformasjon. Betre tilgang på data og nye teknologiske løysingar vil dessutan bidra til at mindre spesialisert helsepersonell kan løyse stadig fleire oppgåver, og at vi kan bruke kompetansen meir effektivt enn i dag. 

Om noko blir prioritert opp, må noko anna bli prioritert ned. Det kan mellom anna gjelde innføring av nye legemiddel. Prioriteringar, diskusjonar og prosessar rundt dette skal vere prega av openheit. Behandlingstilbodet skal vere likeverdig for alle innbyggjarar som høyrer til Helse Vest, samtidig som prioriteringar skal gjerast med tanke på heile behandlingsforløpet og alle aktørane som bidreg i dette.

Helse vest legg føringar for helseregionen si økonomiske berekraft gjennom den økonomiske langtidsplanen. 

Lenke til økonomisk langtidsplan 2023–2027  

Miljø - og samfunnsansvar

Ved å ha miljøbevisste medarbeidarar skal Helse Vest RHF gå føre som eit godt døme for å redusere negativ miljøpåverknad frå oppgåvene me gjer. Det skal vere merksemd i heile organisasjonen på kontinuerlig forbetring i miljøarbeid innanfor alle aktivitetar som Helse Vest utfører og initierer som eigar av helseføretak. Helse Vest RHF skal gjennom si rolle ha stor merksemd på at miljøomsyn blir ivareteke i alle prosjekt som blir utvikla og sett i gang i helseregionen.

Lenke til grunnlag om miljø- og samfunnsansvar

Regional tiltaksplan

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.

Lenke til regional tiltaksplan

Oppdatert desember 2022