Visjon, verdiar og overordna mål

Visjon

Å fremje helse, meistring og livskvalitet

Visjonen til Helse Vest regionale helseføretak handlar om å møte pasientane med eit heilskapleg perspektiv rundt helse, meistring og livskvalitet. Visjonen er gjennomgåande i all planlegging og i alle pasientmøte. Vi skal evne å sjå situasjonen frå pasientane sitt perspektiv, og bruke den beste tilgjengelege kunnskapen til å gi rett behandling og ei verdig oppleving.

Verdiar

Respekt, tryggleik og kvalitet

Verdiane i Helse Vest er felles for alle helseføretaka i landet. Vi jobbar likevel kvar dag med å forvalte verdiane i ein regional og lokal kontekst, der fag, organisasjon og samfunn er i stadig endring.

Overordna mål

› Trygge og nære helsetenester

› God samhandling og effektiv ressursbruk i heile pasientforløpet

› Aktiv pasientdeltaking og heilskapleg behandling

› Ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon