Regional utviklingsplan
2023–2035

Utviklingsplanen skildrar mål og retning

Utviklingsplan til Helse Vest skal bidra til å realisere vår felles helseteneste. Han skildrar korleis vi skal utvikle verksemda, møte framtidige behov og handtere dei store utfordringane vi står overfor.

Den viktigaste ressursen vi har, er medarbeidarane våre. Det er dei som utgjer helsetenesta, og vi er avhengige av kompetansen, innsatsen og initiativa til kvar enkelt medarbeidar for å nå måla vi set oss. Vi satsar derfor stort på å behalde og rekruttere medarbeidarar, og legge til rette for at dei kan utvikle og bruke kompetansen sin på beste mogelege måte. 

Både data- og kunnskapsgrunnlaget vi har brukt for å lage utviklingsplanen vil endre og utvikle seg gjennom planperioden. Vi har derfor mål om å oppdatere både grunnlaget og sjølve utviklingsplanen, og på den måten halde planen relevant over tid. Skroll deg gjerne lengre ned på denne sida for å lese om data- og kunnskapsgrunnlaget, utviklingstrekk og plansystemet i Helse Vest.

Vi har lagt mykje tid og krefter i arbeidet med å lage utviklingsplanen. Det er likevel alltid rom for forbetringar. Om du har innspel til korleis vi kan gjere planen betre, så håper vi du tek kontakt via kontaktskjemaet nedanfor. 

Vår felles helseteneste

Det overordna målet med helsetenesta i Noreg er å sikre alle innbyggjarane tilstrekkeleg og god tilgang til tenester som er trygge og fagleg forsvarlege. Den offentlege helsetenesta er delt i primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta, men vi jobbar saman om å realisere målet. Dei statlege helseføretaka skal ivareta drift og utvikling av sjukehus og anna spesialisthelseteneste, mens kommunane har ansvaret for fastlegane, pleie- og omsorgstenester og andre tilbod i nærmiljøet. Du kan lese meir om grunnstrukturen og dei ulike delane av helsetenestene her: Lenke til skildring av grunnstrukturen i helsetenestene

Helseføretaka er store og komplekse verksemder. Derfor kan òg planane verke store og komplekse. Utgangspunktet for alt vi gjer er likevel lettfatteleg. Vi skal fremje helse, meistring og livskvalitet for pasientane og innbyggjarane. Når vi skildrar utviklingsretninga tek vi derfor utgangspunkt i pasientane sine perspektiv. Samtidig må vi sjå utfordringane og løysingane gjennom auga til medarbeidarane, leiarane og samarbeidspartnarane våre for å skape vår felles helseteneste. 

Utviklingsplanen legg særleg vekt på områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Planen tek derfor òg føre seg dei store og veksande utfordringane rundt økonomi, berekraft og tilgang på fagfolk, som krev tøffe prioriteringar på både kort og lang sikt. Samtidig er strukturen og innhaldet tilpassa den nasjonale rettleiaren for utviklingsplanar. Les meir om dei fire strategiske hovudtemaa og dei tilhøyrande innsatsområda ved å følgje lenkene nedanfor. Her finn du òg innhaldsoversikta for heile utviklingsplanen. 

Lenke til hovudtemaet Pasientar, brukarar og pårørande
Lenke til hovudtemaet Medarbeidarar og kompetanse
Lenke til hovudtemaet Samhandling

Framheva satsingar

Utviklingsplanen tek føre seg eit breitt spekter av innsatsområde, som dekkjer mykje av verksemda i Helse Vest. Gjennom planperioden vil vi likevel sjå at aktiviteten innanfor dei ulike innsatsområda varierer, og er av ulikt omfang. Variasjonen oppstår blant anna på grunn av prosjekt- og programgjennomføring, innovasjon og utvikling, nasjonale føringar eller eksterne faktorar som pandemiutbrot. For å skape merksemd om og auke interessa for det som skjer, vil vi framheve utvalde satsingar i periodar der dei er særskild aktuelle. 

Strategisk innsatsområde

I 2021 peikte Riksrevisjonen på at det var lange ventetider innanfor psykiske helsetenester i Noreg, og at bemanninga ikkje alltid er god nok. Samtidig opplever helseføretaka at det er utfordrande å behalde og rekruttere tilstrekkeleg fagleg kapasitet. På toppen av dette har covid-19-pandemien auka behovet for tenester, særleg for barn og unge.

Topp fem risikoområde

Saman med helseføretaka, har Helse Vest definert fem felles, prioriterte område der føretaksgruppa set inn ekstra innsats for styring og reduksjon av risiko. Målet er å betre og ta meir aktivt grep om risikostyringa, og styrke regionalt samarbeid og læring. Dei aktuelle risikoområda er 

Grunnlag for utviklingsplanen

Arbeidet med utviklingsplanar i Helse Vest er underlagt ei rekkje føringar. Du kan lese meir om desse nedanfor. I tillegg til å gjere greie for føringane for utviklingsplanen, har vi òg mål om nytte felles kjelder for statistikk og utviklingstrekk, og synleggjere samanhengane mellom dei ulike planane.

Kontaktskjema

Utviklingsplanane til dei lokale helseføretaka i Helse Vest

Er du interessert i å sjå korleis dei lokale helseføretaka i Helse Vest planlegg for framtida? Du kjem til dei ulike utviklingsplanane ved å klikke på logoane nedanfor.

Lenke til utviklingsplanen til Helse Førde
Lenke til utviklingsplanen til Helse Bergen
Lenke til utviklingsplanen til Helse Fonna
Lenke til utviklingsplanen til Helse Stavanger

Oppdatert desember 2022