Plansystemet i Helse Vest

Nasjonal helse- og sjukehusplan (2020–2023) er eit overordna nasjonalt rammeverk for utviklinga av spesialisthelsetenestene og samarbeidet med dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Hovudmålet med planen er å realisere pasienten si helseteneste. Planen gjeld for perioden 2020–2023, men viser òg retning for utviklinga ut over planperioden. I korte trekk handlar planen om 

› pasienten som aktiv deltakar

› heilskaplege og samanhengande tenester

› at sårbare pasientar blir møtte med team

› samanhengande akuttmedisinsk kjede 

› spesialisthelsetenester i heimen

› bruk av helsedata til det beste for fellesskapet

› livslang læring

› leiing som bidreg til endring

› å lære av kvarandre

Les meir om Nasjonal helse- og sjukehusplan på helse- og omsorgsdepartementet sin nettstad. Departementet sine nettsider gir òg oversikt over andre nasjonale rapportar, planar og strategiar.

2. Regional strategi – Helse2035

Visjonen til Helse Vest RHF er å fremje helse, meistring og livskvalitet. Det er òg utgangspunktet for den regionale strategien, Helse2035, som blei vedtatt i 2017. I 2018 vedtok Helse Vest òg ein tilhøyrande tiltaksplan. Strategien og tiltaksplanen utgjer ein vesentleg del av arbeidet med og grunnlaget for den regionale utviklingsplanen.

Helse2035 beskriv på eit overordna nivå korleis vi skal utvikle spesialisthelsetenestene på Vestlandet fram mot 2035. Formålet er å sikre god forståing av utfordringar, moglegheiter og nødvendige prioriteringar i eigne og eksterne fagmiljø. Strategien tek omsyn til dei sentrale føringane, men han gir òg ei eiga retning for korleis vi skal løyse samfunnsoppdraget og utvikle spesialisthelsetenestene her på Vestlandet. Helse2035 er temabasert, med fire strategisk valde hovudtema:

› Pasienten si helseteneste

› Eitt helsevesen

› Utvikling av helsetenestene

› Medarbeidaren, leiing og organisasjon

Les meir om Helse2035 og tilhøyrande mål, tiltak og detaljar på nettsidene våre.

3. Regional utviklingsplan 2023–2035

Utviklingsplan til Helse Vest skal bidra til å realisere vår felles helseteneste. Han skildrar korleis vi skal utvikle verksemda, møte framtidige behov og handtere dei store utfordringane vi står overfor. 

Utviklingsplanen legg særleg vekt på områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Det inkluderer dei store og veksande utfordringane rundt økonomi, berekraft og tilgang på fagfolk, som krev tøffe prioriteringar på både kort og lang sikt. Samtidig er strukturen og innhaldet tilpassa den nasjonale rettleiaren for utviklingsplanar. 

Utviklingsplanen blir følgt opp gjennom ein eigen tiltakplan. Tiltaksplanen skildrar regionale tiltak som skal bidra til gjennomføringa av utviklingsplanen og strategien. I tillegg er utviklingsplanen understøtta av ei rekkje meir detaljerte planar innanfor ulike fagområde.

4. Lokale utviklingsplanar

Sjukehusa og institusjonane til Helse Vest er organiserte under Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger. Helse Vest har òg driftsavtalar med fleire private aktørar. Samtidig yter dei to støtteføretaka Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest IKT elementære tenester til kjerneverksemda. Verksemda er skildra i dei lokale utviklingsplanane, som den regionale utviklingsplanen tek utgangspunkt i. Du kan lese meir om føretaka i Helse Vest og utviklingsplanane deira her.

Dei nasjonale felleseigde selskapa yter òg viktige tenester til Helse Vest. I tillegg har Helse Vest fast avtale med fleire private og ideelle institusjonar, som Haraldsplass Diakonale Sykehus. Sjå heile lista på nettstaden til Helse Vest.

5. Regionale fag- og funksjonsplanar

Detaljerer og utfyller utviklingsplanen

Fag- og funksjonsplanar er planar for utvalde fagområder eller funksjonar i Helse Vest der ein ser at det er nyttig med ein eigen plan.

Mens den regionale strategien Helse2035 gir den overordna retninga, går dei regionale fag- og funksjonsplanane djupare inn på det enkelte fagområdet. Dømer på slike planar er teknologiplanen og plan for habilitering og rehabilitering.   

Ei oversikt over planane finn du her.