Dette er ein pilot og ei utviklingsside for planar i Helse Vest. Se ww.helse-vest.no for gjeldende planer
I forbindelse med vedtaket 6. desember 2022 om ny regional utviklingsplan for Helse Vest RHF, vedtok styret òg å setje i gang utarbeidinga av ein tilhøyrande tiltaksplan. Tiltaksplanen blir lagt fram for styret før sommaren. Om du har innspel til arbeidet, kan du nytte kontaktskjemaet nedanfor.
6. desember 2022 vedtok styret i Helse Vest RHF den nye regionale utviklingsplanen for 2023–2035. Styret ba samtidig om at prosjektet jobbar vidare med tilhøyrande tiltak, der blant anna innspela frå høyringsrunden blir tatt med vidare.
Lenke til protokoll frå styremøtet
Gjennom dei 19 høyringssvara Helse Vest fekk innan fristen 24. oktober, har det samla sett kome rundt 150 innspel. I tillegg har vi fått ei rekkje innspel gjennom andre kanalar i høyringsperioden. Prosjektet jobbar vidare med innspela, og oppdaterer utviklingsplanen.
Helse Vest RHF inviterer til å komme med innspel til utkastet til regional utviklingsplan 2023–2035. Du kan lese meir om høyringa og utkastet til utviklingsplan ved å klikke på denne lenka. Høyringsfristen er måndag 24. oktober.
Helse Vest inviterte sine private samarbeidspartnarar til innspels- og dialogmøte 22. juni 2022, i forbindelse med arbeidet med ny regional utviklingsplan. På møtet deltok medlemmar frå Spekter, Virke, NHO Service og handel. Deltakarane blei orienterte om det pågåande arbeidet, og kom med innspel i møtet. Dei blei òg oppfordra til å delta i ei spørjeundersøking om innhaldet i og utforminga av den nye utviklingsplanen.
Regionalt brukerutval i Helse Vest er involvert i planarbeidet, og gir innspel til den regionale utviklingsplanen. Felles møtepunkt, bruk av digitale spørjeskjema og dialog undervegs i prosessen gir gode moglegheiter til å diskutere relevante problemstillingar og brukerutvalet sine erfaringar og innspel blir løfta opp. I tillegg deltek brukarrepresentantar i mange av prosjekta og programma som er sentrale for tenesteutviklinga i Helse Vest.
Styret i Helse Førde vedtok på styremøtet 28. januar 2022 den nye utviklingsplanen til Helse Førde. Det er den første utviklingsplanen til eit helseforetak som blir levert i eit digitalt format. Gratulerer, Helse Førde!
I mars gjorde styret i Helse Stavanger vedtak i sak 17/22, angåande ny utviklingsplan for føretaket. Planen er utforma i eit nytt digitalt format, i staden for eit tradisjonelt pdf-dokument. Formatet gjer det enklare å oppdatere og vidareutvikle planen, og tilpasse innhaldet ut frå endringar i rammevilkåra.
Mange pasientar og brukarar treng helsetenester både frå sjukehus og kommunen, og det er viktig at tenestene heng saman. Å betre samarbeidet mellom spesialisthelsetenestene og dei kommunale helse- og omsorgstenestene har derfor høg prioritert, og er eit viktig tema i helseføretaka sine nye utviklingsplanar.
Arbeidet med utviklingsplanen føljer Neste Generasjon Plan-metoden, utvikla i Helse Vest.
Dei nye utviklingsplanane skal henge saman med overordna strategiar og nasjonale planar og føringar. Alle planane i Helse Vest har eit felles plangrunnlag, som vi har illustrert i ei samla oversikt.
Strategien til Helse Vest, Helse2035, ligg fast. Strategien gir dei strategiske rammene for arbeidet med utviklingsplanane, også i den kommande perioden. Utviklingsplanen skal bidra til å skape dei beste moglege helsetjeneste, ut frå rammevilkåra og dei store utfordringane vi står overfor.
Den kommande planprosessen blir ikkje like omfattanda som til dømes arbeidet med strategien. Vi brukar om att det som er bra, og videreutviklar det som gir meirverdi.
I Helse Vest skal både dei fire helseføretaka og Helse Vest RHF utarbeide nye utviklingsplanar. Det er lagd ein framdriftsplan for dette arbeidet.
Helse Vest RHF og helseforetaka (sjukehusa) i regionen er i gang med å utarbeide nye utviklingsplanar. Ein utviklingsplan er ein plan for korleis eit helseforetak skal utvikle verksemda for å møte det framtidige behovet for helsetenester. Dette oppdraget kjem frå Helse- og omsorgsdepartementet, gjennom ei bestilling i føretaksmøtet til Helse Vest
Helse Vest sin overordna strategi er Helse 2035. Korleis er samanhengen mellom denne og den nye utviklingsplanen? Utfordringane og moglegheitane skildra i Helse 2035 er i stor grad dei same, og vi legg til grunn dei same strategiske føringane i arbeidet med den nye utviklingsplanen i Helse Vest.
Sist oppdatert: 24.04.2023