Høyring av Regional utviklingsplan 2023–2035 for Helse Vest RHF

Høyring

Helse- og omsorgsdepartementet har gitt dei regionale helseføretaka oppdraget med å utarbeide regionale utviklingsplanar innan utgangen av 2022. Helse Vest RHF har difor invitert til å komme med innspel til utkastet til regional utviklingsplan.

Lenke til utviklingsplanen: www.nestegenerasjonplan.no/ny-regional-utviklingsplan-2023-2035

Fakta og bakgrunn

Alle regionale helseføretak og helseføretak som driv med pasientbehandling skal ha utviklingsplanar. Utviklingsplanane er ein del av dei regionale helseføretaka sitt samla planansvar, og må sjåast i samanheng med Nasjonal helse- og sjukehusplan. 

Etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, har dei fire regionale helseføretaka utarbeidd ein rettleiar som har lege til grunn for arbeidet med utviklingsplanane. Rettleiaren gir føringar for både prosessen og innhaldet, og har følgjande definisjon på kva ein utviklingsplan er:

Ein utviklingsplan er ein plan for korleis eit helseføretak vil utvikle si verksemd for å møte framtidig behov for spesialisthelsetenester.

Utviklingsplanen skal ikkje vere for omfattande, og blir derfor utfylt av meir detaljerte planar innanfor ei rekkje område. Utviklingsplanen kan gi føringar for utarbeidinga av slike fag- og funksjonsplanar, men òg ta opp i seg vegval av strategisk karakter i slike planar. Samanhengen mellom ulike føringar og planar er illustrert i figuren nedanfor. 

Innhald og struktur

Innhaldet i den nye utviklingsplanen er basert på Helse 2035-strategien og den gjeldande utviklingsplanen. Undersøkingar, innspel og tilbakemeldingar gjennom planarbeidet har vist at dei strategiske temaa og innsatsområda i Helse 2035-strategien er minst like relevante i dag som då strategien blei vedtatt. Det same gjeld for utfordringsbiletet, som kanskje står fram som enda tydelegare. Samtidig har vi følgt tilnærminga om at utviklingsplanen berre skal ta føre seg områda som er omfatta av dei største endringane og som potensielt kan gi størst gevinst.

I forbindelse med den gjeldande utviklingsplanen har Helse Vest utarbeidd ein regional tiltaksplan. Ein revidert tiltaksplan blir lagt fram etter at utviklingsplanen som no er på høyring er vedtatt. Arbeidet med tiltaksplanen er planlagt ferdigstilt våren 2023. 

Som ein del av arbeidet med utviklingsplanen for 2023–2035, har vi gjort ein overgang frå tradisjonelt A4-format til eit nytt digitalt format. Det digitale formatet er meint å gjere planen meir tilgjengeleg på fleire plattformar, og gjere det enklare å spisse bodskapen. Fleire av innhaldselementa blir òg gjort felles, på tvers av dei regionale planane. Samtidig er delar av datagrunnlaget dynamisk, og blir fortlaupande oppdatert.

Prosess og gjennomføring - Høyringsfristen er sett til måndag 24. oktober 2022

Vi ber høyringsinstansane særleg om innspel knytte til samhandling på tvers av faglege, organisatoriske og geografiske grenser, og korleis vi saman kan skape vår felles helseteneste. Vi ber òg særleg om innspel til korleis vi kan løyse utfordringane knytte til berekraft og aukande behov for helsetenester. Høyringssvara kan med fordel vere korte og presise i forma, og spissa inn mot dei viktigaste temaa for avsendaren. 

De kan sende høyringssvara til helse@helse-vest.no med «Høyringssvar til regional utviklingsplan» og namn i emnefeltet. Avleverte høyringssvar er som hovudregel offentlege, og kan bli publiserte på Helse Vest sine nettsider. 

Høyringsfristen er sett til måndag 24. oktober 2022. Det er lagt opp til å handsame utviklingsplanen i føretaksstyret 7. desember 2022. 

Sist oppdatert: 12.09.2022