Korleis arbeider vi med den nye utviklingsplanen i Helse Vest?

Kva skal Helse Vest oppnå med ein utviklingsplan?

Planlegging er eit lovpålagt krav for ein helseregion. Når det kjem til den regionale utviklingsplanen, kan vi overordna sett summere opp det vi ønskjer å oppnå i to punkt: 

Korleis gjer vi det?

Arbeidet med utviklingsplanen følgjer Neste Generasjon Plan-metodikken, utvikla i Helse Vest. Figuren summere opp kvifor, korleis og kva vi skal gjere. Kort sagt skal vi vektleggje det viktigaste og det som gir best resultat, og vere tydelege på det vi skal oppnå. På den andre sida vil vi bruke minst mogleg tid på planar og tekstar som dokumentere og ser tilbake på det som har skjedd eller allereie er i gang.

Prosjekteigar er administrerande direktør i Helse Vest, Inge Cathrine Bryne, mens prosjektansvarleg er eigardirektøren i Helse Vest, Ivar Eriksen. 

Overordna innretning til den nye utviklingsplanen

Helse 2035 og den første utviklingsplanen til Helse Vest (2019–2035) er framleis høgaktuelle. Derfor vil Helse Vest bruke om att mykje frå desse, men spisse bodskapen og dra nytte av eit digitalt format. 

Sist oppdatert: 29.06.2022