Nye utviklingsplanar i regionen
Heile Helse Vest er i gang med nye utviklingsplanar
Helse- og omsorgsdepartementet ga følgjande oppdrag til Helse Vest RHF i føretaksmøte 14.januar 2020:
“Utviklingsplanar
Føretaksmøtet bad om at:
det blir utarbeida regionale utviklingsplanar innan utgangen av 2022. Arbeidet med dei lokale utviklingsplanane må bli tilpassa dette. Planane skal sendast på høyring.
dei regionale helseføretaka, under leiing av Helse Midt-Norge RHF, innan utgangen av juni 2020 sikrar ein revisjon av rettleiaren for arbeidet med utviklingsplanar i tråd med mål og føringar i NHSP.”
Oppdraget står i Helse Vest sitt oppdragsdokument 2022 og i protokoll frå føretaksmøtet
Oppdraget gjeld for regionen (RHFet) og for alle sjukehusa (helseforetaka) i regionen
For Helse Vest inneber dette at HF-a må ferdigstille sine utviklingsplaner innan utgangen av 2021. I styringsdokumenta til HF-a heiter det mellom anna:
“I arbeidet med utviklingsplan er det viktig å sikre god kommunikasjon med relevante aktørar. Helseføretaka skal lage ein kommunikasjonsplan i tett dialog med kommunane og andre aktuelle aktørar. I arbeidet med utviklingsplanen skal helseføretaka:
prioritere utvikling av tenester til pasientar som treng tenester frå både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta. Dette planarbeidet skal vere tufta på felles planlegging og utvikling i helsefellesskapa. Barn og unge, vaksne med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem, skrøpelege eldre og personar med fleire kroniske lidingar skal prioriterast i dette arbeidet.
gå gjennom akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i samarbeid med kommunane.
fastsetje konkrete mål for flytting av tenester heim til pasientane ved hjelp av teknologi.
gå gjennom organisering, leiing og kompetanse i akuttmottaka og foreslå forbetringstiltak.
lage ein plan for å sikre tilstrekkeleg kompetanse. Det skal leggjast til rette for livslang læring og ein heiltidskultur. Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar skal ha prioritet i dette planarbeidet.”
Sist oppdatert: 18.01.2022