Dette er ein pilot og ei utviklingsside for planar i Helse Vest. Se ww.helse-vest.no for gjeldende planer
I Helse Vest skal både dei fire helseføretaka og Helse Vest RHF utarbeide nye utviklingsplanar. Sjukehusa sine utviklingsplanar skal vise korleis dei vil løyse oppdraget sitt i den kommande planperioden. Arbeidet med utviklingsplanane følgjer tidslinja i figuren nedanfor. Helsefellesskapa er ein viktig arena for planarbeidet i HF-a, og prosessane med involvering og høyring blir tilpassa lokale forhold.
I arbeidet med nye utviklingsplanar vil fleire av HF-a gjenbruke element frå den gjeldande utviklingsplanen. Men dei nye planane blir kortare, tydelegare og meir digitalt tilgjengelege.
Det er utarbeidd ein felles modell for å framskrive behovet for ulike helsetenester. Modellen vil liggje til grunn for både utviklingsplanane, andre planar og tiltak knytte til dimensjonering av helsetenestene.
Arbeidet med den regionale utviklingsplanen er i gang. Planen blir vedtatt innan utgangen av 2022 (sjå figur). Planen er ei vidareføring og justering av Helse2035 og den gjeldande regionale utviklingsplanen.
Prosessen skal i første omgang dra nytte av eksisterande forum, diskusjonsarenaer, sakshandsamingsrutiner og strukturar for forankring og involvering. Det er samtidig mogleg å gi direkte innspill til arbeidet via skjemaet på denne sida.
Sist oppdatert: 30.03.2023