Statistikk og framskrivingar

Nasjonale framskrivingsmodellar

Når vi lagar utviklingsplanar brukar vi framskrivingar av behovet for helsetenester. Framskrivingane ligg til grunn blant anna når vi

  • vurderar behovet for utdanning og rekruttering

  • planlegg kapasitet og bygg

  • går til anskaffing av helsetenester

  • innfører ny teknologi

  • organiserer tenestene våre

Framskrivingane tek utgangspunkt i felles nasjonale modellar, men helseføretaka gjer tilpasningar for lokale forhold.

Følg denne lenkja for å lese meir om modellane og framskrivingane

Nasjonal bemanningsmodell

Nasjonal bemanningsmodell (NBM) simulerar framtidig bemanningsbehov ved å vise dei personellmessige konsekvensane av aktivitetsframskrivingar og ulike endringar og scenario.

Les meir om Nasjonal bemanningsmodell og scenarioanalysar her.


Figur som viser logikken i Nasjonal bemanningsmodell der endring i behov vurderes saman med korleis vi løysar oppgåene og kva bemanning vi har behov for

Demografi og folketal

Samtidig som kvaliteten på, og omfanget av, helsetenestene har auka over tid, ser vi at levealderen til innbyggjarane òg har auka. Det er ei positiv utvikling som skal halde fram i åra som kjem. På same tid skaper det utfordingar for helsetenestene. Gjennom planperioden vil dei eldre utgjere ein stadig større del av befolkninga, og skape vesentleg større behov for helsetenester. Det heng saman med at eldre menneske i snitt har fleire sjukdommar enn yngre, og at behandlingsmoglegheitene aukar.

Fram mot 2050 viser framskrivingane at den prosentvise veksten i aldersgruppa 67 år eller meir i Helse Vest sitt nedslagsfelt er stor. Veksten er særleg stor blant dei aller eldste. Ifølgje framskrivingane blir talet på innbyggjarar som er 90 år eller eldre meir enn tredobla. Tala viser samtidig ein negativ vekst i aldersgruppa 18-49 år, frå rundt 2030. I 2050 kan vi ha fått rundt 32 000 færre innbyggjarar i denne aldersgruppa enn vi har i dag.

Flyttemønsteret er generelt prega av ein netto tilvekst i dei mest sentrale kommunane, mens det er ei netto utflytting frå dei minst sentrale kommunane. Det er i størst grad yngre innbyggjarar som flyttar, og det skaper eit skifte i etterspurnaden etter helsetenester og tilgangen på arbeidskraft. Innvandring og nye kulturar påverkar òg tenestene.

Helseatlas for kvalitet

Helseatlas for kvalitet i nødvendige helsetenester er basert på informasjon om i underkant av 100 000 pasientar og behandlingar årleg, der enkelte kan ha fått same behandling fleire gongar eller ha fleire sjukdommar. ​Hensikta er å vise om befolkninga får likeverdig kvalitet i helsetenestene, uavhengig av kvar dei bur.

24 av dei totalt 31 kvalitetsindikatorane inneheld definerte mål for behandlingskvalitet. Samanstillinga av indikatorane viser ei forenkla framstilling av ei kompleks verkelegheit, men gir likevel grunnlag for å identifisere utfordringar i og mellom dei ulike opptaksområda.

Les meir og sjå fleire helseatlas ved å følgje denne lenkja: https://www.skde.no/helseatlas/