Dette er ein pilot og ei utviklingsside for planar i Helse Vest. Se ww.helse-vest.no for gjeldende planer
Det er etablert eit nasjonalt fagnettverk for framskrivingar av helsetenester som utviklar og forvaltar modellane. Arbeidet blir leia av Helse Sør-Øst RHF og det interregionale møtet mellom dei administrerande direktørane.
Nedanfor er modellane brukte med endringsfaktorane slik dei er definerte av den nasjonale arbeidsgruppa, utan lokale tilpassingar. Tala gjeld for Helse Vest sett under eitt, og tek ikkje høgde for lokale variasjonar i helseføretaka eller kommunane. Framskrivingane byggjer derfor på usikre premiss, og må nyttast med atterhald.
Nasjonal modell for framskriving av aktivitetsbehov for psykisk helsevern og TSB
Illustrasjonen viser ei framskriving av behovet for helsetenester innanfor somatikken. Den nasjonale modellen legg til grunn befolkningsframskrivinga, og tek i tillegg omsyn til sjukdomsutvikling og andre endringsfaktorar som
Friskare aldring
Resten av potensialet i samhandlingsreforma
Vriding av behandlinga frå døgn til dag og poliklinikk
Primær- og sekundærførebyggjing for prioriterte grupper
Teknologi og "heimesjukehus"
Optimalisering av arbeidsprosessar
Illustrasjonen viser ei framskriving av behovet for helsetenester innanfor psykisk helsevern (PHV) og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB). Den nasjonale modellen legg til grunn befolkningsframskrivinga, og tek i tillegg omsyn til variasjon, sjukdomsutvikling og fagleg utvikling. Av fleire endringsfaktorar kan vi nemne at
modellen er justert for indikasjonar på låg dekningsgrad for enkelte pasientgrupper
modellen er justert for variasjon mellom opptaksområda i talet på liggedøgn
ein del av døgnopphalda er gjort om til poliklinisk behandling for enkelte pasientgrupper
forsterka oppsøkjande poliklinisk behandling (FACT) kan redusere behovet for liggedøgn
skjermbasert oppfølging og bruk av medisinsk-teknisk utstyr kan redusere behovet for liggedøgn