Nasjonal bemanningsmodell

Nasjonal bemanningsmodell (NBM) simulerer behovet for personell

Nasjonal bemanningsmodell (NBM) simulerer behovet for personell i spesialisthelsetenesta ved ulike framtidsscenario. Ei slik simulering legg til grunn aktivitetsvekst og andre faktorer som påverkar behovet for fagleg kompetanse. 

Ulike framtidsscenario blir utvikla i ei scenarioanalyse. Der belyser og analyserer vi ulike utfall og konsekvensar av moglege endringar, som utvikling innanfor medisin, IKT, teknologi og pasientrettar. Eit scenario er altså ikkje ein prognose, men viser ei mogleg, men kanskje ikkje sannsynleg eller føretrekt, utvikling.

Scenarioanalyse

Scenarioanalyse  er spesielt godt egna når det er vanskeleg å seie noko om korleis framtida blir, og verksemda vil vere førebudd på ulike utfall. Scenarioanalysar bidreg til betre forståing av drivkrefter, og kan belyse moglege konsekvensar og alternativ ved forskjellige vegval. Det er ein kvalitativ og strukturert metode for langsiktig planlegging. 

Om bruk av bemanningsmodellen til scenarioanalysar og planarbeid

Regionale og lokale helseføretak (sjukehus) kan bruke scenarioanalysar og bemanningsmodellen i arbeidet med til dømes strategi, utviklingsplanar, bemanningsplanar og investeringar. 

Styret i Helse Vest fekk  i 2018  ein orientering om bruk av Nasjonal bemanningsmodell, om utdanningskapasitet og behov for rekruttering i Helse Vest.  I saka kan du lese meir om  beskriving av data og føresetnadar i Nasjonal bemanningsmodell og korleis modellen fungerar.  Modellen oppdaters jamleg med nye input-data. 

Helse Vest styresak 063 2018 Orientering om strategisk kompetanseplanlegging og Nasjonal bema og Nasjonal bemanningsmodell.pdf