Teknologi og utviklingstrekk

Teknologi og medisinsk utvikling

Vi legg til grunn ei vid tolking av ordet "teknologi", som blant anna femnar nytt medisinsk utstyr og nye måtar å bruke utstyret på. Omgrepet dekkjer samtidig den tradisjonelle forståinga av teknologi knytte til IKT og digitalisering. Alle desse teknologiane blir stadig meir integrerte. Diagnostikk og behandling har òg blitt meir integrerte og grip tettare inn i kvarandre.

Pasientane vil over tid få ei anna oppleving når dei møter helsetenester i form av førebygging, diagnostikk, behandling og oppfølging. Dei vil endre seg med omsyn til kven som utfører dei, korleis dei blir utførte og kvar det skjer. Sensorar plasserte rundt i heimen, på kroppen, eller i kroppen, vil gi helsetenesta presise og omfattande data. Automatiske analysar av innkommande data vil gå i sanntid, og ulike former for maskinlæring og kunstig intelligens vil kunne justere både medisinar, dosar og anbefalingar fortløpande. Nye behandlingsmetodar og nytt utstyr kan gjere kirurgien både fjernstyrt og mindre inngripande, og saman med personleg tilpassa medisinar blir behandlingane betre og sjukeperiodane kortare. Dette er løysingar som må på plass for å handtere det framtidige behovet for helsetenester. 

Teknologien gir oss nøkkelen til betre tenester og meir effektiv ressursbruk, men kan på same tid krevje store investeringar og auke den teknologirelaterte risikoen. "Cyberangrep" og andre truslar vil samtidig få større konsekvensar for verksemda. Informasjonssikkerheita må derfor vere tilfredsstillande når nye løysingar og ny teknologi blir tekne i bruk.

Digitalisering som eit viktig grep framover

Alle dei strategiske hovudområda peikar på digitalisering som eit viktig grep for å møte utfordringane. Digitalisering skapar òg nye moglegheiter som vi må utnytte. Dei mest sentrale momenta når det kjem til digitalisering og bruk av teknologi er

› å auke leverte helsetenester utan tilsvarande auke i bruk av helsepersonell

› å skape betre datagrunnlag for forsking, analyse- og forbetringsarbeid 

› å betre samhandlinga med andre involverte aktørar 

› å auke graden av pasient- og pårørandemedverknad 

› å kunne tilby spesialisthelsetenester nærmast mogleg pasienten

› å skape ein betre kvardag for medarbeidarane i sjukehusa, og meir effektive måtar å arbeide saman på, til dømes gjennom løysingar som i større grad understøtter «den mobile medarbeidaren» 

› å utnytte moglegheitene som kjem med at vi byggjer nye sjukehusbygg 

› å utnytte moglegheitene som kjem av at alle helseføretaka nyttar felles regionale digitale løysingar

› å bidra til innovasjon og auka verdiskaping, også i leverandørmarknaden

Både Interne forhold og eksterne faktorar påverkar teknologiområdet i Helse Vest.

Trendar innanfor e-helse

E-helsetrendar: Utviklingstrekk 2023

Fremtida er usikker. Store hendingar som pandemiar, politiske og samfunnsmessige endringar og nye teknologiar vil treffe helse- og omsorgstenestene på ulikt vis. For å vere best mogleg førebudd er det viktig å diskuterer kva som kan komme til å skje.

Direktoratet for e-helse samanfattar kvart år e-helsetrendar og utviklingstrekk. Det blir nytta som ein del av kunnskapsgrunnlaget for refleksjonar om framtida og diskusjonar om strategiar for digitalisering. 

Lenke til rapporten Utviklingstrekk 2023

Kunstig intelligens brukt i helsesektoren

Merk: Teksten nedanfor er generert av ein robot 

Det er mange trendar innanfor kunstig intelligens (KI) og helsetenester. Ein av dei mest lovande er bruken av KI-assistert robotkirurgi, der robotar analyserer informasjon frå medisinske journalar for å rettleie kirurgar under komplekse operasjonar. KI kan òg bli brukt til å automatisere klinisk leiing og arbeidsflyt, samt å identifisere deltakarar i kliniske studiar og framskynde oppdaginga og utviklinga av legemiddel.

Ein annan trend er bruken av KI-drivne virtuelle assistentar som kommuniserer med pasientar på vegne av legar. Det kan bidra til å auke effektiviteten og redusere kostnadane ved helsetenester.

KI i medisin har mange fordelar. Ein av dei største fordelane er at KI kan levere data i sanntid, noko som gir raskare diagnose. Det bidreg til å redusere ventetida for pasientar og gir betre kliniske avgjerder. KI kan òg bidra til å straumlinjeforme oppgåver og forbetre operasjonell effektivitet. Men det er òg nokre ulemper med KI i medisin. Ei uro er at KI kan gi feil eller gi falske svar, noko som kan vera spesielt farleg i medisinske scenario. Det er òg viktig å ta omsyn til utfordringar knytte til nøyaktigheit og tryggleik når ein brukar KI i medisin.

Blokkjeder i helsesektoren

Merk: Teksten nedanfor er generert av ein robot 

Blokkjedeteknologi har potensialet til å revolusjonere helsetenestene ved å auke sikkerheita, personvernet og interoperabiliteten til helsedata. Ein av måtane blokkjedeteknologi kan påverke helsetenester på er ved å forbetre forvaltinga av forsyningskjeda. Blokkjeder kan òg nyttast til å sikre integriteten til medisinske journalar.

Blokkjeder kan betre tilgjengelegheita til pasientinformasjon ved å gi ein trygg og desentralisert måte å lagre og dele helsedata på. Dette kan gjere det enklare for pasientar å få tilgang til sin eigen informasjon og dele han med helsepersonell. Blokkjeder kan òg bidra til å auke integriteten til medisinske journalar ved å sikre at informasjonen ikkje kan endrast utan samtykke frå alle partar involvert. Det kan føre til ein meir pasientsentrert modell der pasientane har meir kontroll over sin eigen informasjon.