Dette er ein pilot og ei utviklingsside for planar i Helse Vest. Se ww.helse-vest.no for gjeldende planer
Spesialisthelsetenestene er underlagt ei rekkje lover, forskrifter og føringar. På denne sida finn du ei oversikt over dei mest sentrale delane.
Dei nasjonale føringane kjem i stor grad gjennom lover med tilhøyrande forskrifter og rettleiarar, statsbudsjettet samt oppdragsdokument og føretaksmøte. I tillegg finst det ei rekkje nasjonale planar og strategiar som gir føringar for vår verksemd.
Figur: Samanhengen mellom ulike føringar og styringsdokument
Spesialisthelsetenestene er underlagt ei rekkje lover. Helsedirektoratet sin nettstad gir ei overordna oversikt over lover og tilhøyrande rettleiarar og rundskriv. Lenke til Helsedirektoratet sin nettstad
Forskrifter gir utfyllande reglar til lovene, og utgjer ein stor del av det juridiske fundamentet for spesialisthelsetenestene. Nedanfor finn de lenker til eit utval lover med tilhøyrande forskrifter.
Spesialisthelsetenesta er finansiert av staten over statsbudsjettet. Finansieringa av dei regionale helseføretaka er todelt, og består av eit aktivitetsuavhengig basistilskot og ein aktivitetsbasert del. Det årlege basistilskotet utgjer den største delen av finansieringa. Innsatsstyrt finansiering (ISF) er det viktigaste aktivitetsbaserte tilskotet. ISF blei innført i 1997, og skal stimulere til kostnadseffektiv pasientbehandling. Gjennom ISF blir delar av budsjettet avhengig av kor mange pasientar som får behandling, og kva for behandling dei får. Tilskotet til dei regionale helseføretaka kan dermed bli både høgare og lågare enn føresett, avhengig av aktiviteten.
Helse- og omsorgsdepartementet sin årlege budsjettproposisjon til Stortinget gir ei nærmare skildring av dei enkelte finansieringsordningane.
Helse Vest RHF får årleg sitt styringsbodskap frå Helse- og omsorgsdepartementet, i oppdragsdokument og i føretaksmøte i januar. I oppdragsdokument og protokoll frå føretaksmøtet er mål, oppgåver og rammer for verksemda fastsett. Helse Vest RHF kan få nye eller korrigerte oppdrag gjennom eigne føretaksmøte, eller i tilleggsoppdrag frå departementet.
For å nå målet om at alle innbyggjarar skal ha tilstrekkeleg og god tilgang til spesialisthelsetenester som er trygge og forsvarlege, er det avgjerande å ha eit godt system for verksemdstyring, som legg til rette for ei kontinuerlig utvikling og forbetring av tenestane. Rammeverk for verksemdstyring i Helse Vest skildrar prinsipp for god verksemdstyring, og er eit rammeverk for systematisk styring, leiing og kontinuerleg forbetring. Hovudmålgruppa for dokumentet er leiarar og styre i Helse Vest. Rammeverket for styring av verksemda er meint å vere til støtte for alle leiarnivå i føretaksgruppa.
Rammeverket er laga med utgangspunkt i forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta.