Miljø- og samfunnsansvar

Helse Vest RHF skal vere miljøleiande i rolla som eigar av helseføretak.

Ved å ha miljøbevisste medarbeidarar skal Helse Vest RHF gå føre som eit godt døme for å redusere negativ miljøpåverknad frå oppgåvene vi utfører. 

Heile organisasjonen skal vere merksam på kontinuerlig forbetring i miljøarbeid innanfor alle aktivitetar som Helse Vest utfører og initierer som eigar av helseføretak.

Helse Vest RHF skal gjennom si rolle vere tydeleg på at miljøomsyn blir ivareteke i alle prosjekt i helseregionen.

Lenke til meir informasjon om miljø- og samfunnsansvar i Helse Vest RHF

2. Rammeverk for samfunnsansvar

Samfunnsansvaret handlar om korleis spesialisthelsetenesta løyser samfunnsoppdrag sitt i samspel med andre, og korleis verksemda vår påverkar menneske, miljø og samfunn. Vi skal belaste klimaet og miljøet minst mogleg, vere opne om prioriteringar og ressursbruk og sikre anstendige arbeidsforhold hos oss og leverandørane våre. Formålet med rammeverket for samfunnsansvar er å klargjere rammene og føringane for korleis spesialisthelsetenesta skal arbeide med samfunnsansvar.

Lenke til meir informasjon om spesialisthelsetenesta sitt rammeverk for samfunnsansvar

3. Klima - og miljøtiltak er også viktig på sjukehusa

Ei utbreidd oppfatning er at helsetenestene har så mykje å gjere at dei blir fritatt frå å tenke på miljøet. Her svarar dei fire administrerande direktørane i Helse Vest, Nord, Midt og Sør-Øst på kvifor miljøtiltak på sjukehusa er viktige, og ikkje berre for miljøet i seg sjølv.

Lenke til nyheitssak om kvifor miljøtiltak er viktig på sjukehusa