Topp fem risikoområde

1. Legemiddelområdet

Legemiddel er ein sentral innsatsfaktor i behandlinga av pasientar og for at dei skal ha størst mogeleg livskvalitet ut frå sine føresetnader. Dessverre skjer det at pasientar i helsetenesta døyr eller blir skada som følgje av legemiddelbehandling. 20 prosent av avviksmeldingane i Helse Vest involverer legemiddel og 20 prosent av pasientskadene er relatert til det. I Helse Vest er legemiddel løfta fram som eitt av fem risikoområde ein vil følgje med ekstra merksemd og ha styring med risikoen på dei neste åra. Det handlar om at vi kan redde liv og unngå alvorlege skader om vi handterer legemiddel endå betre i helsetenesta.

Lenke til Regional plan for risikoområdet legemiddel (ROMLE)

Figur: Status september 2022

2. Vald og trugslar mot medarbeidarar

Avvikssystemet viser eit stabilt og for høgt tal for vald mot medarbeidarar, særleg innanfor psykisk helsevern, men òg i ambulansetenesta og somatiske akuttmottak. Området har openberre element av både pasientsikkerheit og HMS-perspektiv. Risikovurdering, tiltaksutvikling og oppfølging er mangfaldig og krevjande. Vi ser derfor føre oss at det er nødvendig å samle ressursane og samarbeide tett i både Helse Vest RHF og helseføretaka for å kunne handtere risikoområdet.

Helse Vest vil snart leggje fram eit prosjektmandat knytt til dette risikoområdet.

Figur: Status september 2022

3. Uønskt variasjon – ortopedi og radiologi

Det kjem stadig fram diskusjonar om overbehandling. Helseatlas og radiologiløysinga Sectra gir moglegheiter for at leiarar og fagfolk kan gå systematisk gjennom data som kan avklare uønskt variasjon. Helse Vest ser derfor i første omgang på uønskt variasjon innanfor desse to fagområda, for å fram kunnskap om prosess og metode. Dersom arbeidet avdekkjer uønskt variasjon, vil både HMS og pasientsikkerheitsperspektivet også vere dekt av dette området.

Figur: Status september 2022

4. IKT- og informasjonssikkerheit

Riksrevisjonen gjennomførte i 2019/2020 ein forvaltingsrevisjon i alle dei fire regionale helseføretaka, med mål om å kartleggje førebygging av angrep mot IKT-systema. Riksrevisjonen la fram sin rapport etter revisjonen 15.12.2020, som viste vesentlege svakheiter i styringa av informasjonssikkerheit og i grunnleggjande tekniske sikkerheitstiltak som skal førebyggje og oppdage dataangrep.

Helse- og omsorgsdepartementet har gjennom oppdragsdokumentet for 2021 lagt stor vekt på å følgje opp rapporten frå Riksrevisjonen. Helse Vest RHF har vidareført dette gjennom styringsdokumenta til helseføretaka og Helse Vest IKT AS.

Tekniske tiltak knytte til IKT-sikkerheit er i all hovudsak delegerte til Helse Vest IKT. Tiltaka i regi av Helse Vest IKT vert gjennomført i samarbeid med helseføretaka. Ut frå ei risikobasert tilnærming, har dei tekniske tiltaka hatt høg prioritet.

Lenke til Riksrevisjonen sin rapport

Lenke til Regional handlingsplan for informasjonssikkerheit i Helse Vest

Figur: Status september 2022

5. Ekstern turnover av medarbeidarar

Helsetenesta står overfor vesentlege utfordringar knytte til rekruttering dei nærmaste åra. For mange som sluttar i tenesta, deriblant medarbeidarar som har opparbeidd seg høg kompetanse.

Frå januar 2015 til og med september 2021 var det 22 302 unike personar under 62 år i faste, pasientretta stillingar i Helse Vest. I same periode forlèt 4 448 av desse medarbeidarane helseføretaket dei var tilsette i, noko som utgjer 5,1 prosent årleg ekstern turnover. Kunnskap om kvar av yrkesgruppene og samanhengen mellom yrkesgruppene er vesentleg for å sikre rett fagleg kapasitet, kompetanse og bemanning. Det viktige er å bruke kunnskapsgrunnlaget godt, i kvart enkelt helseføretak, i eit tett og godt samarbeid på Vestlandet.

Lenke til rapport om ekstern turnover

Figur: Status september 2022

Høyringsversjon – oppdatert september 2022