Regional plan for risikoområde legemiddel (ROMLE)

Innleiing og bakgrunn

Legemiddel er ein sentral innsatsfaktor i behandlinga av pasientar og for at dei skal ha størst mogeleg livskvalitet ut frå sine føresetnader. Dessverre skjer det at pasientar i helsetenesta døyr eller blir skada som følgje av legemiddelbehandling. 20 prosent av avviksmeldingane i Helse Vest involverer legemiddel og 20 prosent av pasientskadene er relatert til det. I Helse Vest er legemiddel løfta fram som eitt av fem risikoområde ein vil følgje med ekstra merksemd og ha styring med risikoen på dei neste åra. Det handlar om at vi kan redde liv og unngå alvorlege skader om vi handterer legemiddel endå betre i helsetenesta. Arbeidet er forankra i Helse Vest sin strategi, Helse 2035, Helse Vest sin utviklingsplan og i Regional plan for kvalitet og pasienttryggleik 2020-2024 (lenkje) der det fremgår at "Helse Vest arbeider etter å minimere og eliminere feil i samband med legemiddelhandtering."

Lenke til kunnskapsgrunnlag

Overordna mål med satsinga

Målet er å førebyggje at pasientar døyr eller blir alvorleg skada som følgje av legemiddelbehandling i Helse Vest. Hovudmerksemnda i dette arbeidet ligg på områda der det er størst fare for størst skade – og legemiddel og pasientgrupper som er forbundne med størst risiko.

Innsatsområde

Nedanfor kan du lese meir om innsatsområda. Ved å følgje lenkene til dei ulike områda finn du informasjon om bakgrunn, mål, tiltak og indikatorane vi brukar for å følgje opp utviklinga.

KOMPETANSE

Overordna mål og tiltak

Sikre at helsepersonell har tilstrekkeleg kompetanse om risikoområde innanfor legemiddelhandtering.

ARBEIDSPROSESSAR

Spørsmål og svar

Her finn du svar på spørsmål om arbeidet med ROMLE

1. Kvifor har vi ein regional ROMLE-plan?

Legemiddel er ein sentral innsatsfaktor i behandlinga av pasientar og for at dei skal ha størst mogeleg livskvalitet ut frå sine føresetnader. Dessverre skjer det at pasientar i helsetenesta døyr eller blir skada som følgje av legemiddelbehandling. 20 prosent av avviksmeldingane i Helse Vest involverer legemiddel og 20 prosent av pasientskadene er relatert til det. I Helse Vest er legemiddel løfta fram som eitt av fem risikoområde ein vil følgje med ekstra merksemd og ha styring med risikoen på dei neste åra.

2. Kva er målet med ROMLE-arbeidet?

Det handlar om at vi kan redde liv og unngå alvorlege skader om vi handterer legemiddel endå betre i helsetenesta. Målet er å førebyggje at pasientar døyr eller blir alvorleg skada som følgje av legemiddelbehandling i Helse Vest.

3. Kvifor er planen så kort

Helse Vest RHF ønsker å gå vekk frå lange, statiske plandokument og over på ein meir dynamisk og digital måte å planlegge på. Dette betyr:

  • Vi vil gjere planene korte og konsise

  • Vi gjentek mist mogleg tekst frå andre dokument, men peiker på og lenker til relevant underlag og informasjon

  • Tiltaka i planen byggjer på og kjem i tillegg til eksisterende aktivitet

  • Vi forsøker ikkje å inkludere alt, men fokuserer på dei vesentligste endringsområda som krev fokus

Tilnærminga har vi kalla Neste Generasjon Plan

4. Kva er betyr ROMLE?

ROMLE betyr "risikoområde legemiddel".

5. Kva blir gjort?

Det er etablert ei regional arbeidsgruppe i Helse Vest for å følgje opp legemiddelområdet spesielt. Arbeidet går under namnet ROMLE (risikoområde legemiddel). Alle helseføretaka i regionen og Helse Vest IKT er med. Gruppa har delt arbeidet i to fasar. Først lage ein kortfatta regional plan for risikoområdet legemiddel og deretter følje opp tiltaka i denne planen i åra som kjem.

6. Kven er involverte i ROMLE-arbeidet?

Det er etablert eit koordineringsteam (sjå lenkje) som har det overordna ansvaret for ROMLE. I tillegg er det etablerte lokale arbeidsgrupper i alle føretaka. Koordineringsteamet, leiarane for dei lokale arbeidsgruppene og representantar frå verneteneste og tillitsvalte er med i den regionale arbeidsgruppa. Ansvaret for oppfølging av tiltaka er fordelt mellom koordineringsteamet og dei lokale arbeidsgruppene. Den regionale gruppa skal samordna arbeidet og jobba systematisk med det som kan tene fellesskapet på tvers i Helse Vest.

Korlies styringsmodellen for ROMLE er, kan du sjå ved å følge denne lenkjen.

7. Korleis skal arbeidet føregå?

Den regionale arbeidsgruppa har i det innleiande arbeidet gått inn i både teknologiske og ikkje-teknologiske forhold ved legemiddelhandteringa innan somatikk og psykisk helse - for å forstå best mogeleg kva risikoområde som er og kva ein skal prioritera. Dei innleiande funna har danna grunnlaget for den regionale planen der ein konsentrera seg om å prøva å ta bort dei mest alvorslege skadane og fokusera på områda der det er størst risiko for at dei skjer.

Risiko er usikkerheit om ei uønskt hendig vil skje og kva konsekvensar han kan få. Risikostyring er dei tiltaka ein gjer for å identifisera, vurdera og følgja opp for å handtera risikoen. Hensikta med risikostyring er å finna og sikra den rette balansen mellom å utvikla og skapa verdiar på eine sida og å unngå skadar, ulukker og tap på den andre.

8. Kva veit vi om legemiddelrisiko og om dei med størst risiko?

Forsking viser at nyfødde, barn og eldre er i høgrisikogruppa for legemiddelrelaterte skader - saman med pasientar som har fleire sjukdommar og går på fleire legemiddel.

Både nasjonale og eigne undersøkingar i Helse Vest viser at dei fleste uønska hendingane med legemiddel skjer ved administrering, altså utdeling av legemiddel. Dei mest alvorlege feila er knytt til feil dose og når medisin ikkje er gitt.

9. Kva kunnskapsgrunnlag ligg til grunn for arbeidet med ROMLE?

Oppsummert kunnskapsgrunnlag finn du ved å klikke på lenkja


10. Korleis skal tiltaka i planen bli tatt i bruk i sjukehusa?

Dei lokale arbeidsgruppene i sjukehusføretaka er rigga slik at dei både skal kunne jobbe med tiltak som dei har hovudansvar for, og dei skal kunne forankre og implementere tiltak som andre sjukehusføretak/koordineringsteamet har hovudansvar for (sjå modell for lokal arbeidsgruppe ROMLE på lenkja)


Regional plan for risikoområde legemiddel (ROMLE) Versjon 1.1. 21.09.2022