Kompetanse

Tiltak 2: Utvikle læringsspel der utrekning og fortynning blir simulert

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Internasjonale og nasjonale data viser at «feil dose» er forbunde med alvorlege og fatale feil på legemiddelområdet. Gjennomgang av Synergi-meldingar frå eigen region viser at «feil dose» er ei av dei hyppigaste feila på legemiddelområdet i Helse Vest. 

Kjente årsaker til at feil dose blir gitt er mangelfull kompetanse og uklare rutinar. I tillegg er samtidigheitskonfliktar, avbrot og stress kjente faktora. 


Målgruppe

  1. Primær målgruppe: Sykepleiere som istandgjør legemidler

  2. Annet helsepersonell som ønsker å trene på istandgjøring av legemidler


KVA skal vi oppnå?

Resultatmål

Læringsspel som simulerer utrekning og fortynning av legemiddeldosar er utvikla

Effektmål

Helsepersonell har god kunnskap om utrekning og fortynning av legemiddeldosar

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve

  1. Gjere risikovurdering for gjennomføring og innføring av tiltaket

  2. Utarbeide prototype for spelkonsept med storyline, oppgåver og brukargrensesnitt. Herunder dialog med høgskulane for eventuelt samarbeid mot studentar

  3. Spesifisere krav til spel

  4. Utvikle spel

  5. Utarbeide kommunikasjonspakke for spelet

Ansvarlege

  1. Koordineringsteam

  2. Koordineringsteam

  3. Koordineringsteam

  4. HVIKT eller ekstern aktør

  5. Koordineringsteam

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar

  • Feil dose

  • Feil ved legemiddelutrekning

Risikolegemiddel

  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Pasientgruppe

  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

Regional plan for risikoområde legemiddel (ROMLE) Versjon 1.1. 21.09.2022