Kompetanse

Tiltak 1: Utarbeide regionale kompetansekrav på utvalde risikoområde

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Mangelfull kompetanse er ei av rotårsakane til feil på legemiddelområdet. Helse Vest bør difor ha tydelege kompetansekrav på følgjande prioriterte områder:

  1. Legemiddelutrekning

  2. Bruk av infusjonspumper

  3. Handtering av risikolegemiddel

  4. Dokumentasjon av legemiddelhandtering i elektronisk kurveløysing

Målgruppe

  1. Alt helsepersonell som handterer risikolegemiddel

  2. Leiarar på alle nivå som skal implementere kompetansekrava

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål

  1. Regionale kompetansekrav er utarbeidd

  2. Metodikk for måling av tal på einingar som har tatt kompetansekrava i bruk er utarbeidd

Effektmål

Helsepersonell har god kunnskap om legemiddelutrekning, bruk av infusjonspumper, handtering av risikolegemiddel og dokumentasjon av legemiddelhandtering i elektronisk kurveløysing

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve

  1. Kartlegge eksisterande sentrale kompetansekrav

  2. Utarbeide regionale kompetansekrav for:

  • Legemiddelutrekning

  • Bruk av infusjonspumper

  • Handtering av risikolegemiddel

  • Dokumentasjon av legemiddelbehandling i elektronisk kurveløysing

  1. Etablere metodikk for måling av tal på einingar som har tatt kompetansekrava i bruk

Ansvarlege

Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Lokal arbeidsgruppe i Helse Førde

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar

  • Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka

  • Feil dose

  • Feil ved bruk av infusjonspumpe

  • Feil ved legemiddelutrekning

  • Manglande samstemming

  • Ufullstendig eller manglande ordinasjon

  • Manglande dokumentasjon

  • Overføringsfeil

  • Gitt seponert legemiddel

Risikolegemiddel

  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Overgang

  • Eksternt mellom spesialist- og primærhelseteneste

  • Internt i helseføretaka

Pasientgruppe

  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

Regional plan for risikoområde legemiddel (ROMLE) Versjon 1.1. 21.09.2022