Styring og leiing

Tiltak 9: Sikre betre grunnlag for rapportar i Synergi til bruk i forbetringsarbeidet

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Det er behov for meir standardisert og strukturert informasjon i Synergi ved uønska hendingar på legemiddelområdet, for enklare å kunne nytte informasjonen i forbetringsarbeidet

Målgruppe

  1. Leiarar og medarbeidarar som jobbar med oppfølging av feil på legemiddelområdet

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål

  1. Behovet for informasjon frå meldar og saksbehandlar for betre å kunne lære av uønska legemiddelhendingar er utgreidd

  2. Identifiserte behov for endring i Synergi er utgreidd, beslutta og gjennomført

  3. Dashboard for legemiddelhendingar er utvikla og gjort tilgjengeleg for alle føretaka

  4. Informasjons- og opplæringstiltak er utarbeidd

Effektmål

Bedre styring av forbetringsarbeid på legemiddelområdet basert på rapporter fra Synergi

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve

  1. Utgreie behov for informasjon frå meldar og saksbehandlar i Synergi for betre å kunne lære av uønska legemiddelhendingar

  2. Utgreie behov og moglegheit for endring i Synergi

  3. Utarbeide beslutningsgrunnlag for endring i Synergi for beslutning i systemeigarmøte

  4. Gjennomføre endringar i Synergi og kommunisere endringane

  5. Utvikle dashboard for legemiddelhendingar og gjere dei tilgjengelege i føretaka

  6. Utarbeide og gjere tilgjengeleg informasjons- og opplæringstiltak

Ansvarlege

Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Lokal arbeidsgruppe i Helse Bergen (BLEST), i samarbeid med systemansvarlege/-eigarar i Synergi

Regional plan for risikoområde legemiddel (ROMLE) Versjon 1.1. 21.09.2022