Arbeidsprosessar

Tiltak 4: Etablere regional beste praksis for legemiddelsamstemming

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Prosedyrar for legemiddelsamstemming er etablerte i alle sjukehusføretaka. Samtidig er det uklart kva som er status for innføring, kva variantar av arbeidsprosessar og medhjelparar som er etablerte, og om det finst hindringar som ein må prioritere å løyse regionalt. Det bør etablerast ein felles beste praksis for legemiddelsamstemming i regionen for å sikre effektiv ressursutnytting og best mogleg resultat, samt redusere uønskt variasjon

Målgruppe

Helsepersonell som utfører legemiddelsamstemming og medarbeidarar som jobbar med utvikling og samanstilling av prosedyrar, retningslinjer og styrande dokumentasjon

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål

  1. Beste praksis for legemiddelsamstemming er utarbeidd, basert på ein kunnskapsbasert tilnærming

  2. Status for legemiddelsamstemming i alle sjukehus viser auke frå rapport er tilgjengelig og 12 månader fram i tid

Effektmål

1) Auka grad av legemiddelsamstemming i Helse Vest

2) Legemiddelsamstemming i klinisk praksis bidrar til tryggare og meir effektiv legemiddelbehandling

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve

  1. Gjere risikovurdering for gjennomføring og innføring av tiltaket

  2. Innhente og samanlikne aktuelle prosedyrar frå dei ulike sjukehusføretaka

  3. Etablere dialog med PLL-prosjektet

  4. Gjennomgå og kvalitetsvurdere aktuell forskningslitteratur på området

  5. Samanstille erfaringsbaserte- og forskningsbaserte tiltak for å etablere beste praksis for legemiddelsamstemming i regionen

Ansvarlege

Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Lokal arbeidsgruppe i Helse Bergen og Helse Fonna

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar

  • Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka

  • Feil dose

  • Manglande samstemming

  • Ufullstendig eller manglande ordinasjon

  • Manglande dokumentasjon

  • Overføringsfeil

Risikolegemiddel

  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Pasientgruppe

  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

Overgang

  • Eksternt mellom spesialist- og primærhelseteneste

  • Internt i helseføretaka

Regional plan for risikoområde legemiddel (ROMLE) Versjon 1.1. 21.09.2022