Arbeidsprosessar

Tiltak 5: Avklare roller og ansvar i kirurgiske forløp

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Kirurgiske forløp er kjenneteikna av risikofaktorar som overgangar, mange involverte aktørar, bruk av risikolegemiddel og fragmentert IKT-støtte. Data frå Synergi og internrevisjonar viser stort behov for avklaringar knytt til roller og ansvar i desse pasientforløpa.

Målgruppe

  1. Helsepersonell som deltar i behandling av kirurgiske pasientar

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål

  1. Erfaringar frå kirurgiske forløp i regionen er innhenta og analysert

  2. Metodikk for kartlegging av utfordringsbildet og tiltak for avklaring av roller, ansvar og bruk av dokumentasjonsstøtte i kirurgiske forløp ved Stavanger universitetssjukehus er utarbeidde

  3. Dokument som viser bruk av metodikk i praksis ved Stavanger universitetssjukehus er utarbeidde

  4. Regional metodikk for kartlegging av utfordringsbildet og tiltak for avklaring av roller, ansvar og bruk av dokumentasjonsstøtte i kirurgiske forløp er utarbeidde

Effektmål

Sikrare legemiddelbehandling for kirurgiske pasientar ved overganger innad i sjukehus.

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve

  1. Innhente og analysere erfaringar frå sjukehusføretak i regionen

  2. Utarbeide metodikk for kartlegging av utfordringsbildet og tiltak for avklaring av roller, ansvar og bruk av dokumentasjonsstøtte i kirurgiske forløp

  3. Teste og dokumentere bruk av metodikk for Stavanger universitetssjukehus

  4. Utarbeide regional metodikk på bakgrunn av erfaringar frå Stavanger universitetssjukehus /Haraldsplass Diakonale Sykehus

Ansvarlege

Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Lokal arbeidsgruppe i Helse Stavanger og Haraldsplass Diakonale Sykehus

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar

  • Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka

  • Feil dose

  • Manglande samstemming

  • Ufullstendig eller manglande ordinasjon

  • Manglande dokumentasjon

  • Overføringsfeil

  • Gitt seponert legemiddel

Risikolegemiddel

  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

Pasientgruppe

  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

Overgang

  • Eksternt mellom spesialist- og primærhelseteneste

  • Internt i helseføretaka

Regional plan for risikoområde legemiddel (ROMLE) Versjon 1.1. 21.09.2022