IKT-støtte

Tiltak 7: Forenkle dokumentasjon av ordinasjonar i elektronisk kurveløysing

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Fleire regionale undersøkingar viser behov for forbetring av funksjonalitet knytte til dokumentasjon av komplekse ordinasjonar i elektronisk kurveløysing. Komplekse ordinasjonar er til dømes oppstarts-/vedlikehaldsdosar, opp-/nedtrapping og infusjonar beståande av fleire komponentar. Problemstillinga er kjent i Helse Vest, men i den seinare tida har viktigheita av å løfta dette arbeidet vorte understreka.

Målgruppe

  1. Legar

  2. Anna helsepersonell som dokumenterer ordinasjonar i elektronisk kurveløysing

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål

  1. Forbetringar i elektronisk kurve knytt til komplekse ordinasjonar har høg prioritet i vidareutvikling av løysinga

Effektmål

Sikrare og meir effektiv dokumentasjon av komplekse ordinasjonar

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve

  1. Kartlegge behov og status for pågåande arbeid

  2. Formidle funn til ansvarlege organ og avgjerdstakarar

Ansvarlege

  1. Koordineringsteam

  2. Koordineringsteam

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar

  • Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka

  • Feil dose

  • Feil ved legemiddelutrekning

  • Ufullstendig eller manglande ordinasjon

  • Manglande dokumentasjon

  • Overføringsfeil

Risikolegemiddel

  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Pasientgruppe

  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

Overgang

  • Internt i helseføretaka

Regional plan for risikoområde legemiddel (ROMLE) Versjon 1.1. 21.09.2022