Arbeidsprosessar

Tiltak 3: Etablere regional beste praksis for utdeling av legemiddel med pasientinvolvering

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Nasjonale data og undersøkingar i eigen region på legemiddelområdet viser at det skjer flest uheldige hendingar i forbindelse med at legemidla blir gitt til pasient. Ein god kontroll av kvart enkelt legemiddel mot ordinasjon ved utdeling aukar sannsynlegheita for riktig legemiddel i riktig dose til riktig pasient. Involvering av pasient/pårørende gir ytterlegare sikkerheit. 

Videre utrulling av eindose og legemiddeltraller styrkar behovet for ei regional tilnærming, for å sikre optimal utnytting og unngå dobbeltarbeid.   

Målgruppe

  1. Helsepersonell som delar ut legemiddel til pasient

  2. Pasientar som får utdelt legemiddel på sykehus

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål

  1. Beste praksis for utdeling av legemiddel med pasientinvolvering er utarbeidd

  2. Spørjeundersøking retta mot aktuelle pasientar og sjukepleiarar er gjennomført

Effektmål

Større grad av sikkerheit ved utdeling av legemiddel

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve

  1. Kartlegge dagens praksis ved å innhente status og erfaringar frå sjukehusføretaka

  2. Utarbeide beste praksis for utdeling av legemiddel med pasientinvolvering som legg til rette for bruk av legemiddeltraller og eindose

  3. Gjennomføre spørjeundersøking som kartlegg aktuelle pasientar og sjukepleiarar si oppleving av legemiddelutdeling etter innføring av regional beste praksis

Ansvarlege

Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Lokal arbeidsgruppe i Helse Stavanger og Haraldsplass Diakonale Sykehus

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar

  • Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka

  • Feil dose

  • Feil ved legemiddelutrekning

  • Manglande samstemming

  • Ufullstendig eller manglande ordinasjon

  • Manglande dokumentasjon

  • Gitt seponert legemiddel

Risikolegemiddel

  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Pasientgruppe

  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

Regional plan for risikoområde legemiddel (ROMLE) Versjon 1.1. 21.09.2022