15. Beredskap

Strategisk mål

Den regionale helseberedskapen skal bidra til å verne om liv og helse og sikre befolkninga nødvendige spesialisthelsetenester ved kriser og større uønskte hendingar, både i fredstid og i krig. 


Bakgrunn og utfordringar

Vi lever i eit samfunn med høg grad av spesialisering, der vi er avhengige av kvarandre lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi har utvikla komplekse infrastrukturar og IKT-løysingar, og arbeidsprosessar og leverandørkjeder heng meir og meir saman. Dette har gitt oss mange gevinstar, men òg gjort oss meir sårbare. 


Ein virusmutasjon oppdaga på andre sida av jorda kan spreie seg raskt, og bli eit overskyggande problem på kort tid. Globaliseringa gjer samtidig at forsyningstryggleik for alt frå IKT-utstyr, forbruksmateriell, kirurgisk utstyr og legemiddel kan lett forstyrrast. Eksempelvis kan logistikkutfordringar ein heilt annan stad i verda føre til mangel på nødvendige varer i ditt lokale apotek. Små eller manglande varelager aukar denne risikoen.


Pandemiar er ifølge Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) ei av krisene som skårar høgast med tanke på både sannsynet for at dei oppstår og konsekvensane dei har for samfunnet. Det kjem pandemiar med ulik alvorsgrad med mellom 10 og 30 års mellomrom, og det er sannsynleg at vi må førebu oss på å handtere nye pandemiar lik covid-19 i åra som kjem.


Antibiotikaresistens er ei stor og aukande utfordring for helsetenesta. Noreg har framleis låg grad av resistens, men den er på veg opp. Infeksjonar med antibiotikaresistente bakteriar aukar dødelegheita, forlenger liggjetida og akselererer behandlingskostnadene. Dei vanskeleggjer behandling av sjukdommar som tidlegare har vore enkle å kurere, og vil avgrense kva for behandlingstilbod vi kan gi pasientane. I tillegg utgjer resistente bakteriar òg ein stadig veksande trussel mot matproduksjonen, særleg globalt. Vi må derfor førebyggje antibiotikaresistens generelt, og utbrot med resistente bakteriar i kliniske einingar spesielt. 


Tilgang på reint vatn, stabil straumforsyning, pålitelege kommunikasjonsløysingar og avanserte IKT-løysingar er grunnleggjande føresetnader for både sjukehusdrift og det moderne samfunnet vi lever i. Samtidig er desse føresetnadane sårbare overfor aukande cyberkriminalitet, det internasjonale trusselbiletet, ekstremvêr og andre faktorar vi ikkje kan påverke direkte. Vi må derfor ha ein velfungerande totalberedskap, som er førebudd på å handtere ulike scenario.

Figur som viser rekkevidda til redningshelikoptre på vestlandet. God dekning

Utviklingsretning

Helseberedskapen er ein sentral del av samfunnet sin totalberedskap. Helseberedskapen er forvaltinga og helse- og omsorgstenesta sine førebuingar for å førebyggje og handtere helsemessige konsekvensar av hendingar som ulykker, kriser og katastrofar. Helse Vest skal utvikle nødvendig kapasitet, og samarbeide tett med andre relevante aktørar for å ivareta totalberedskapen. 

God krisehandtering føreset god kommunikasjon, samhandling og klar rolleforståing. Dette oppnår vi gjennom formålstenlege beredskapsplanar og tydelege rutinar, som vi øver kontinuerleg på. Vi skal vere førebudde på å handtere ulike scenario som dekkjer eit brett spekter av beredskapshendingar. 

Helse Vest har tatt utgangspunkt i den nasjonal helseberedskapsplanen under utarbeidinga av den regionale helseberedskapsplanen. Planen blir jamleg oppdatert, og føringane her skal speglast av i beredskapsplanane i helseføretaka. Helse Vest skal òg informere breitt om beredskap og eventuelle kriser, blant anna gjennom eigne nettsider. På den måten skal beredskapsarbeidet i Helse Vest stå fram som heilskapleg og samordna.


Lenkje til beredskapssida i Helse Vest 

Lenkje til risikoområdet IKT- og informasjonssikkerheit

Regional tiltaksplan

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.

Lenke til regional tiltaksplan

Oppdatert desember 2022