Regional tiltaksplan
Skildring av tiltaksplanen
Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.
Smidig gjennomføring og forvalting
Behov, rammer og teknologiske moglegheiter endrar seg raskt, og gjer det vanskelegare enn nokon gong å planleggje langt fram i tid. For å sikre høgast mogleg verdi for pasientane og medarbeidarane våre, må vi forvalte ressursane våre på ein smidig måte. Det vil seie at planane våre må ta høgde for endringar, og vi må gjere tilpassingar i løpet av planperioden. Tiltaksplanen inneheld derfor tiltak som blir gjennomført tidleg i planperioden, samt ei rekkje tiltakskandidatar som vil vere gjenstand for jamlege vurderingar opp mot den pågåande delen av porteføljen.
Tiltak og initiativ under oppstart og gjennomføring
I Noreg har vi eit mål om at innbyggjarane skal ha et likeverdig tilbod av helsetenester, uansett kvar dei bur. Det er òg stor einigheit om at all utgreiing, diagnostisering og behandling skal vere basert på kunnskap og felles retningslinjer. Likevel viser undersøkingar at det er variasjon i både kvaliteten på pasientbehandlinga og forbruket av helsetenestene.
Overbehandling og overdiagnostikk har vore tema for diskusjonar og satsingar over lengre tid, men no er vi betre stilte enn nokon gong når det kjem til å identifisere utfordringane. Verktøy som kvalitetsregister, Helseatlas og felles fagsystem gjer det enklare å hente inn og analysere data. Helse Vest har jobba mykje med uønskt variasjon, blant anna innanfor ortopedi og radiologi, og vil nytte kunnskapen og erfaringane hefra til å forbetre fleire fagområde.
Vi må strukturere arbeidet med riktig oppgavedeling og effektiv organisering. Det inneber òg å fordele oppgåver til anna personell når helsefagleg kompetanse ikkje er nødvendig.
Oppgåvedeling mellom dei ulike faggruppene
Endra oppgåver og oppgåvedeling som følgje av digitalisering og nye verktøy
Betre planlegging av bemanningsbehov og turnusar
Kompetanseutviklingsplanar og verktøy for kompetanseutvikling
Det vil bli meir krevjande å sikre tilstrekkeleg fagleg kapasitet. Det å behalde, utvikle og rekruttere medarbeidarar er derfor ei stor og stadig aukande utfordring. Sjukehusa har òg ei heilt sentral nøkkelrolle i utdanninga av helsepersonell og spesialistar, som vi kan dra meir nytte av. Vi ser store moglegheiter for ytterlegare samarbeid og gjensidig nytte mellom utdanningssektoren og eit breitt spekter av aktørar i spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta.
FN har slått fast at klimaendringane er ein trussel for menneskeheita, men ifølge Verdens Helseorganisasjon er endringane også den største helsetrusselen vi står framfor.
Spesialisthelsetenesta er ein stor samfunnsaktør med eit stort samfunnsansvar. Med 150 000 tilsette frå Hammerfest til Kristiansand og omlag 2,2 millionar pasientar innom årleg, set norske sjukehus eit solid avtrykk. Potensialet for å kutte utslepp er stort. Men for å utnytte det potensialet er omstilling nødvendig.
Helseberedskapen er ein sentral del av samfunnet sin totalberedskap. Helseberedskapen er forvaltinga og helse- og omsorgstenesta sine førebuingar for å førebyggje og handtere helsemessige konsekvensar av hendingar som ulykker, kriser, katastrofar og krig. Helse Vest skal utvikle nødvendig kapasitet, og samarbeide tett med andre relevante aktørar for å ivareta totalberedskapen.
Målet med samhandling mellom helseføretak, kommunar og andre samarbeidspartnarar er å yte samanhengande og berekraftige helsetenester til pasientane, innanfor dei økonomiske rammene. Gjennom gode pasientforløp som blir avtalt mellom spesialist- og kommunehelsetenesta, med involvering av pasient/pårørande, og som inkluderer god flyt av informasjon, vil tilgjengelege ressursar blir nytta best mogeleg.
I samhandlinga er det heilt nødvendig å gjere kloke val og prioritere i fellesskap når ressursane blir knappare og delen eldre i befolkninga aukar. Det er også nødvendig å samarbeide om å motverke over- og underbehandling, slik at fleire pasientar får auka helsegevinst, eller minst same helsegevinst utan auke i bruk av ressursar.
Det er etablert helsefellesskap i alle føretaksområda. Helsefellesskapa er verkemiddel for å fremje samhandlinga mellom helseføretak og kommunar om heilskaplege og trygge tenester for pasientar og brukarar. Gjennom helsefellesskapa blir det arbeidd for betre felles planlegging og utvikling av tenestene. Rolla til det regionale helseføretaket er å leggje til rette for god samhandling, gjennom å delta og bidra når felles utfordringar kan løysast meir effektivt med regional og/eller nasjonal støtte.
Helse Vest har jobba med innføringa av felles måte å jobbe på innan lager (L), innkjøp (I), budsjett (B), rekneskap (R) og anskaffingar (A) sidan 2017, med mål om å forbetre, effektivisere og auke kvaliteten på ei rekkje ikkje-medisinske tenester. For å planleggje den vidare utviklinga, vil vi utarbeide eit vegkart for desse tenestene.
Pandemien har gitt oss ny innsikt i sårbarheiter når det gjeld forsyning og behov for lagerkapasitet. Felles infrastruktur som set oss i stand til å lagre og distribuere utstyr reduserer risikoen knytt til forsyningssikkerheit.
Etter innføringa av LIBRA er den tekniske grunnmuren for å samordne ikkje-medisinske tenester i stor grad på plass. Mange samordningsgevinstar er i ferd med å bli realiserte.
Fleire fagmiljø er små og sårbare, men felles system og arbeidsprosessar gjer det no mogleg å yte tenester på tvers av føretaksgrensene i regionen. Grunnlaget for rekruttering av fagfolk er samtidig langt større når ein kan vise til eit miljø som har heile den regionale helseregionen som nedslagsfelt. Større fagmiljø og eventuell endra organisering gjer òg at vi kan betre kvaliteten og effektiviteten.
Det går føre seg ei rivande utvikling innanfor kunstig intelligens (KI) og helsetenester. Eksempel på det er bruken av KI-assistert robotkirurgi, automatisering av klinisk leiing og arbeidsflyt og identifisering av deltakarar i kliniske studiar. Ein annan trend er bruken av KI-drivne virtuelle assistentar, som kan kommunisere med innbyggjarar og pasientar. Og berre i løpet av få månader har bruken av KI til både innhaldsproduksjon og programmering av nye løysingar gått frå å vere ein framtidsvisjon til å bli noko daglegdags. Det kan bidra til å auke effektiviteten og redusere kostnadane ved helsetenester.
I tillegg til fordelane KI kan gi, bringer det òg med seg ei rekkje utfordringar. Ei uro er at KI kan gi feil eller gi falske svar, noko som kan vera spesielt farleg i medisinske scenario. Det er òg viktig å ta omsyn til utfordringar rundt nøyaktigheit og tryggleik. Og sjølv om fleire av KI-tenestene ikkje tek betalt i kroner og øre, så samlar og bruker leverandørane dataene vi legg inn. Vi må derfor vere bevisste på kva vi brukar KI til, korleis vi brukar han og kva vi må gjere for å sikre tryggleiken til pasientane og medarbeidarane våre.
Tiltak og initiativ under planlegging
Her finn du tiltak som er under planlegging, som blir forvalta og tilpassa ut frå situasjonen og aktuelle rammevilkår i planperioden.
11. Forbetre oppgåvedelinga i og mellom helseføretaka
Vi skal byggje opp om desentraliserte spesialisthelsetenester nærmast mogleg pasientane. Samtidig fører auka spesialisering og avgrensa tilgang på helsepersonell til at det ikkje er berekraftig å tilby dei same tenestene overalt. Nye virtuelle tenester gjer det òg mogleg å utvikle virtuelle team på tvers av einingane og sjukehusa, som kan sikre likeverdige tenester i heile regionen.
Vi må derfor jobbe vidare med funksjonsfordelinga for å byggje opp meir robuste og spesialiserte fagmiljø, samtidig som vi skal behalde eit desentralisert tilbod. Tett samarbeid mellom sjukehusa i det lokale føretaket og mellom sjukehusa i regionen er ein føresetnad, og avtalar med private aktørar må vere best mogleg ut frå eit fagleg og ressursmessig perspektiv.
12. Sikre rett volum og kvalitet på spesialisthelsetenester innanfor psykisk helsevern for barn og unge
Det er sett i verk tiltak for å sikre god rekruttering og stabilisering av kvalifisert personell innan psykisk helsevern. I tillegg bør vi bruke forsking og kvalitetsarbeid til å studere kva type behandling som har best effekt, og prioritere ressursane deretter. Pasientar som blir tilvist må bli vurdert på ein slik måte at tilstandar som med fordel kan bli handterte i kommunen, av fastlege eller andre, ikkje blir tatt inn i spesialisthelsetenesta. Fagfolk i primær- og spesialisthelsetenestene må ha dialog om kva behandling og tiltak som bør bli gjennomført i kommunen for den einskilde pasient, samt dialog om førebyggjande tiltak i kommunane. Aktuelle tiltak som vil sikre rett volum og kvalitet på spesialisthelsetenestene innanfor psykisk helsevern for barn og unge er
gjennomføring av og oppfølging av dei fem «miniprosjekta» i Helse Vest
utforske eventuell behandlingseffekt av ulike metodar som blir nytta, og ta konsekvensen av funna
utvikle god dialog med primærhelsetenesta om behandling av den einskilde pasienten i kommunen
utvikle god dialog med primærhelsetenesta om førebyggjande tiltak som kan skje i kommunen
13. Behandlingseffekt og helsegevinst i arbeidet med prioritering
Det er sterkt aukande behov for spesialisthelsetenester. Hovudårsaka er aukande tal på eldre med sjukdommar som vi kan behandle. Avgrensa tilgang på kvalifisert personell gjer det likevel ikkje mogleg å møte det aukande behovet med tilsvarande auke i talet på tilsette. Tiltak som betre oppgåvedeling og bruk av digitale verktøy vil kunne ivareta ein del av det aukande behovet, men vi må òg gjere strengare prioriteringar.
I helsetenestene er det dokumentert at vi bruker ressursar på tiltak som ikkje gir helsegevinst. Vi yter òg helsetenester som ikkje har dokumentert helsegevinst. Aktuelle tiltak for å bidra til rett prioritering og rett bruk av ressursar er å
avvikle tenester der det er dokumentert at tenestene ikkje har effekt (ingen helsegevinst)
utforske eventuell behandlingseffekt (helsegevinst) i tenesteområde der dette ikkje er gjort i tilstrekkeleg grad, eksempelvis i psykisk helsevern
prioritere høgare å yte helsetenester med god behandlingseffekt (høg helsegevinst) enn helsetenester med låg behandlingseffekt
vektleggje prioritering meir i utdanninga, deriblant LIS-utdanninga
gjennomføre opplæringstiltak om prioritering
14. Auke satsinga på digitale helsetenester
Digitale helsetenester inneber at helsetenester blir ytte heilt eller delvis med hjelp av digitale verktøy. Helsetenesta er den same som før, men fysiske konsultasjonar og pasientmøter kan ofte heilt eller delvis bli erstatta og effektivisert med digitale helsetenester. Digitale helsetenester og heimesjukehus omfattar alle former for spesialisthelsetenester i heimen, inkludert avansert heimesjukehus, ambulante tenester og digital heimeoppfølging (DHO). Digitale helsetenester kan vere både
digital konsultasjon, som video- og telefonkonsultasjonar
sjølvrapportering og eigenregistrering via ulike digitale løysingar
tilsyn og overvaking, der informasjon blir overført til sjukehuset frå medisinsk-teknisk utstyr
sensorar og alarmar med tilhøyrande responssystem
Helse Vest har som mål å auke bruken og tilgjengelegheita av digitale helsetenester kraftig for helsepersonell og pasientar i regionen.
15. Innovasjon gjennom anskaffingar
Helsetenesta kan nytte anskaffingar meir målretta for å utvikle og ta i bruk nye og innovative løysingar, i samarbeid med private samarbeidspartnarar. Myndigheitene forventar òg tettare samarbeid med næringslivet for å bidra til ei berekraftig utvikling av helsetenestene. Lovverket legg til rette for å fremje innovasjon gjennom anskaffingar, og helsetenesta gjer årleg anskaffingar for fleire milliardar kroner. Helse Vest vil derfor nytte anskaffingar til å utvikle og ta i bruk nye og smarte løysingar, blant anna for å redusere kostnadar og behovet for ressursar i helsetenesta.
Helse Vest er strategisk partnar i Nasjonalt leverandørutviklingsprogram (LUP), med mål om å styrke kompetansen om innovative anskaffingar i heile føretaksgruppa. LUP, Helse Vest RHF og Sjukehusinnkjøp divisjon vest skal samarbeide om kurs og tiltak for føretaksgruppa.