Dette er ein pilot og ei utviklingsside for planar i Helse Vest. Se ww.helse-vest.no for gjeldende planer
Kartleggje tilgjengeleg teknologi og moglege gevinstar
Peike ut satsingsområde
Utforme retningslinjer for bruk av KI i Helse Vest
Betre pasientopplevingar
Auke informasjonssikkerheita og pasienttryggleiken
Frigjere ressursar til pasientretta verksemd
Indiktorane er under utarbeiding.
Det går føre seg ei rivande utvikling innanfor kunstig intelligens (KI) og helsetenester. Eksempel på det er bruken av KI-assistert robotkirurgi, automatisering av klinisk leiing og arbeidsflyt og identifisering av deltakarar i kliniske studiar. Ein annan trend er bruken av KI-drivne virtuelle assistentar, som kan kommunisere med innbyggjarar og pasientar. Og berre i løpet av få månader har bruken av KI til både innhaldsproduksjon og programmering av nye løysingar gått frå å vere ein framtidsvisjon til å bli noko daglegdags. Det kan bidra til å auke effektiviteten og redusere kostnadane ved helsetenester.
I tillegg til fordelane KI kan gi, bringer det òg med seg ei rekkje utfordringar. Ei uro er at KI kan gi feil eller gi falske svar, noko som kan vera spesielt farleg i medisinske scenario. Det er òg viktig å ta omsyn til utfordringar rundt nøyaktigheit og tryggleik. Og sjølv om fleire av KI-tenestene ikkje tek betalt i kroner og øre, så samlar og brukar leverandørane dataene vi legg inn. Vi må derfor vere bevisste på kva vi brukar KI til, korleis vi brukar han og kva vi må gjere for å sikre tryggleiken til pasientane og medarbeidarane våre.
Arbeidet med trygg bruk av kunstig intelligens må koordinerast med ei rekkje tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt. Arbeidet må og ha relasjon til den raske teknologiske utviklinga internasjonalt.
Det er ei rekkje pågåande prosjekt i Helse Vest i regi av Helse Vest IKT og helseføretaka. Av desse kan særleg arbeidet knytt til Mohn Medical Imaging and Visualization Centre nemnast.
Lenke til "Teknologi og utviklingstrekk" i den regionale utviklingsplanen
Erik M. Hansen, direktør for e-helse
Dei lokale helseføretaka
Helse Sør-Øst RHF, Helse Midt-Norge RHF og Helse Nord RHF
Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse
Statens legemiddelverk, Helsetilsynet, Folkehelseinstituttet
Kommunesektorens organisasjon (KS)