6. Leggje til rette for god samhandling
Tiltak
Identifisere utfordringar og moglegheiter knytte til samhandling
Utarbeide tiltak for å betre samhandlinga
Effektmål
Felles regionale tiltak som understøtter helseføretaka i samhandlinga om samanhengande helsetenester til pasientane
Indikatorar
Indiktorane er under utarbeiding.
Bakgrunn og skildring
Målet med samhandling mellom helseføretak, kommunar og andre samarbeidspartnarar er å yte samanhengande og berekraftige helsetenester til pasientane, innanfor dei økonomiske rammene. Gjennom gode pasientforløp som blir avtalt mellom spesialist- og kommunehelsetenesta, med involvering av pasient/pårørande, og som inkluderer god flyt av informasjon, vil tilgjengelege ressursar blir nytta best mogeleg.
I samhandlinga er det heilt nødvendig å gjere kloke val og prioritere i fellesskap når ressursane blir knappare og delen eldre i befolkninga aukar. Det er også nødvendig å samarbeide om å motverke over- og underbehandling, slik at fleire pasientar får auka helsegevinst, eller minst same helsegevinst utan auke i bruk av ressursar.
Det er etablert helsefellesskap i alle føretaksområda. Helsefellesskapa er verkemiddel for å fremje samhandlinga mellom helseføretak og kommunar om heilskaplege og trygge tenester for pasientar og brukarar. Gjennom helsefellesskapa blir det arbeidd for betre felles planlegging og utvikling av tenestene. Rolla til det regionale helseføretaket er å leggje til rette for god samhandling, gjennom å delta og bidra når felles utfordringar kan løysast meir effektivt med regional og/eller nasjonal støtte.
Avhengigheiter, styringsdokument og tilgrensande satsingar og aktivitetar
Nasjonal helse- og samhandlingsplan (kjem snart)
Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020-2023
NOU 2023: 8 – Fellesskapets sykehus — Styring, finansiering, samhandling og ledelse
NOU 2023: 8 – Tid for handling – Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste
Tiltakseigar
Bjørn Egil Vikse, fagdirektør
e-post: bjorn.egil.vikse@helse-vest.no
Involverte aktørar
Dei lokale helseføretaka
Kommunane
Fastlegane
Private aktørar