1. Redusere uønskt variasjon og overdiagnostikk

Tiltak

Effektmål

Indikatorar

Indikatorane er under utvikling, og blir ytterlegare konkretiserte i forbindelse med oppstart og gjennomføring av tiltaket.

Bakgrunn og skildring

I Noreg har vi eit mål om at innbyggjarane skal ha et likeverdig tilbod av helsetenester, uansett kvar dei bur. Det er òg stor einigheit om at all utgreiing, diagnostisering og behandling skal vere basert på kunnskap og felles retningslinjer. Likevel viser undersøkingar at det er variasjon i både kvaliteten på pasientbehandlinga og forbruket av helsetenestene.

Overbehandling og overdiagnostikk har vore tema for diskusjonar og satsingar over lengre tid, men no er vi betre stilte enn nokon gong når det kjem til å identifisere utfordringane. Verktøy som kvalitetsregister, Helseatlas og felles fagsystem gjer det enklare å hente inn og analysere data. Helse Vest har jobba mykje med uønskt variasjon, blant anna innanfor ortopedi og radiologi, og vil nytte kunnskapen og erfaringane hefra til å forbetre fleire fagområde. Det er samtidig HF-a som er i førarsetet når det kjem til utforming og gjennomføring av tiltaka for å redusere uønskt variasjon.  

Avhengigheiter, styringsdokument og tilgrensande satsingar og aktivitetar

Gjennom oppdragsdokumentet er Helse Vest RHF bedne om å kartleggje variasjon i bruk av laboratorie-, bilde- og radiologitenester, og setje inn tiltak for å redusere overforbruk av desse tenestene. 

Lenke til oppdragsdokumentet for 2023

Lenke til oversikta over Topp fem risikoområdet - uønskt variasjon innanfor ortopedi og radiologi 

Lenke til Riksrevisjonen sine undersøkingar av årsaker til variasjon i forbruk av helsetenester

Tiltakseigar

Panchakulasingam Kandiah, ass. fagdirektør

e-post: panchakulasingam.kandiah@helse-vest.no 

Involverte aktørar