2. Mobilisering av pasientane

Strategisk mål

Pasientane skal vere aktive deltakarar i behandlinga, og ha moglegheit til å dra nytte av eigne ressursar og kunnskap om si eiga helse. 


Bakgrunn og utfordring

Dei medisinske moglegheitene vil auke i tida som kjem, og føre til høgare forventingar om behandling. På same tid vil det bli fleire eldre pasientar, og mange vil trenge meir hjelp. Veksten i helseføretaka sin økonomi vil likevel vere lågare enn tidlegare, noko som vil gi klare avgrensingar for kva slags tenester vi kan tilby. Det vil føre til strammare prioriteringar, men òg høgare krav til pasientane og pårørande sin medverknad og eigeninnsats. Samtidig veit vi at mange pasientar har ressursar og kunnskap om si eiga helse som ikkje blir nytta godt nok i dag. Eigeninnsats kan gi både meistringsopplevingar og verdi, men det krev opplæring og mobilisering av pasientane, og tilrettelegging og bruk av nye digitale verktøy.

Utviklingsretning

Med mobilisering meiner vi at pasientane skal bidra og medverke aktivt, og samtidig få god behandling utan uønskt variasjon – uavhengig av kor mange diagnosar dei har, kompleksiteten i behandlinga og korleis tenestene er organiserte. 

God kommunikasjon er ein føresetnad for å mobilisere pasientane og for at dei skal medverke i eiga behandling. Helsepersonell skal ha kunnskap om, og vere bevisste på, korleis kommunikasjon kan nyttast til å betre innbyggjarane og pasientane si helse, og opplevingane dei har i møte med helsetenestene. 

Kommunikasjon og mobilisering handlar òg om å gjere informasjon tilgjengeleg. Vi skal yte tenester der pasientane er, blant anna med hjelp av digitale verktøy som legg til rette for dialog og utveksling av informasjon mellom pasientane og sjukehusa. Vi må samtidig sørgje for at pasientar og pårørande får opplæring og kunnskap om dei digitale verktøya og si eiga helse og behandling, i tett samarbeid med helsetenestene i kommunane. Det vil bidra til at pasientane medverkar i behandlingsforløpet som likeverdig part, og får betre resultat av behandlinga.

Arbeidet som skjer gjennom pasient- og brukarforeiningane og frivillig innsats kan bety mykje for pasientane si evne til å mobilisere og medverke. Dei representerer ein stor ressurs som vi må leggje til rette for å nytte enda betre.

Lenke til Helse Vest si nettside om opplæring

Lenke til Helse Vest sin plan om habilitering og rehabilitering

Regional tiltaksplan

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.

Lenke til regional tiltaksplan

Oppdatert desember 2022