Regional plan for habilitering og rehabilitering

Innleiing - Kvifor denne planen?

Formålet med regional plan for habilitering og rehabilitering er å bidra til å nå dei følgjande overordna måla for spesialisert habilitering og rehabilitering i Helse Vest. :

Bakgrunn

Forskrift om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator (lenke) legg ansvaret for habiliterings- og rehabiliteringstenestene på både kommunane og spesialisthelsetenesta. Denne planen legg til grunn nasjonale føringar som rettleiar for rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator. I oppfølginga av planen må helseføretaka samarbeide med kommunane og samordne arbeidet gjennom helsefellesskapa.

Regional plan for habilitering og rehabilitering er ei oppdatering av den tidlegare planen (2016-2020), og det vidare arbeidet blir nå målretta mot dei viktigaste tiltaka.  Den oppdaterte planen blei vedtatt av styret i Helse Vest RHF 30. september 2021. Styra i helseføretaka og Regionalt brukarutval har slutta seg til planen. Meir om nasjonale overordna føringar og planprosessen finn du her.

Innsatsområde

Nedanfor kan du lese meir om innsatsområda i planen. Ved å følgje lenkene til dei ulike områda får du informasjon om bakgrunn, mål, tiltak og indikatorane vi brukar for å følgje opp utviklinga. 

Styrke samarbeidet med kommunane gjennom betre implementering av koordinator-ordninga i sjukehusa

Inkludere habilitering for barn og unge i «Barn og unges helseteneste»

Styrke medisinsk og helsefagleg kompetanse i habilitering for barn, unge og vaksne

Tidleg start av rehabiliteringa

Redusere variasjonane i seinfaserehabilitering

Samarbeid om forsking og kunnskapsutvikling

Utvikle styringsdata og datakvalitet

Spørsmål og svar 

Her finn du svar og tilbakemeldingar på tidlegare stilte spørsmål og innspel.

1. Kvifor har vi ein regional plan for habilitering og rehabilitering?

Helse Vest har ein plan for for habilitering og rehabilitering for å koordinere innsatsen og sette fokus på områder som må få særskild merksemd i åra framover. 

2. Kven gjennomførar planen?

Helseforetaka og samarbeidsaktørane i Helse Vest står for gjennomføringa av planen, og Helse Vest RHF sikrar koordinering og oppfølging av planen.

3. Kvifor er planen så kort

Helse Vest RHF ønsker å gå vekk frå lange, statiske plandokument og over på ein meir dynamisk og digital måte å planlegge på.  Dette betyr: 

Tilnærminga har vi kalla Neste Generasjon Plan

4. Kva er habilitering og rehabilitering?

Tenester innen habilitering og rehabilitering skal bidra til at pasient og brukar kan trene opp og halde vedlike ferdigheter og evne til meistring. Målet er å kunne leve eit mest mogleg sjøvstendig liv ut frå eigne føresetnader og ynskjer. For meir informasjon følg denne lenka 

5. Vil du vite mer om  habilitering og rehabilitering i Helse Vest?

Då kan du klikke på denne lenka til Regional koordinerande eining (RKE) 

6. Kor finn eg meir informasjon om habiliterings- og rehabilitering i helseregionen

Oversikt over habiliterings- og rehabiliteringstiltak i helseregionen finn du sida til Regional koordinerande eining (RKE) her

Regional plan for habilitering og rehabilitering