Dette er ein pilot og ei utviklingsside for planar i Helse Vest. Se ww.helse-vest.no for gjeldende planer
Til tross for at tiltaket inngår i eksisterande og tidlegare føringar (sjå mellom anna oppdragsdokument frå HOD 2021, styringsdokument til HF-a 2021) har det vist seg vanskeleg å oppnå reelle forbetringar. Innanfor habilitering for barn og unge (HABU) og for vaksne (HAVO) er det særlege utfordringar knytt til små fagmiljø som er sårbare med omsyn til ressursar og nødvendig kompetanse. Tiltaket inngår derfor også som eit innsatsområde i kommande planperiode.
Meir robuste tenester som sikrar likeverdige og forsvarlege helsetenester
Fleire pasientar får diagnostisk og medisinsk vurdering av lege ved habiliteringstenestene
Økt kvalitet i samarbeid med andre avdelingar ved overgang mellom ulike helsetenester og ved overgang mellom barn og vaksenalder
Styrka tverrfagleg tilbod
Styrking av habilitering for barn, unge og vaksne blir løfta som eit prioritert område i Helse Vest, både regionalt og i kvart helseføretak, jf. oppfølging av punkt 4.1.5 Habilitering i styringsdokument 2021
Helseføretaka styrker legeressursane i habiliteringstenestene
Samhandling i regionalt fagnettverk for legar og andre faggrupper innanfor habilitering på tvers av helseføretaka (både HABU og HAVO, med mål om brei tverrfagleg samhandling om fagutvikling og kvalitetsforbetring)
Nasjonal rettleiar, kapittel 9.6 beskriv nærmere
habiliteringstjenesten for barn og unge (HABU)
habiliteringstjenesten for voksne (HAVO)
og mellom anna krav til kompetanse
Ein regional rapport for fagområdet habilitering (jf. innsatsområde 2), som inkluderer t.d.:
Utvikling i bemanning (tal og samansetting) ved dei ulike HAVO og HABU i Helse Vest (obs: ulik organisering)
Aktuelle prosedyrekoder
Ventetider
Rapportering i årleg melding om oppfølging av oppdrag i styringsdokument 2021
Årleg rapportering til Helse Vest frå regionale fagnettverk om resultat av arbeidet
Pasienterfaringar med innhald og kvalitet i tenesta