Dette er ein pilot og ei utviklingsside for planar i Helse Vest. Se ww.helse-vest.no for gjeldende planer
Regional plan for habilitering og rehabilitering (lenke) blei vedtatt av styret i Helse Vest i sak 101/15, med planperiode 2016-2020. Planen har blitt revidert i 2021 (jf. styresak 131/20).
Som grunnlag for oppdateringa blei status for tiltaka kartlagt i hausten 2020. Dei aller fleste tiltaka i planen (2016-2020) har karakter av eit kontinuerleg arbeid over lang tid.
Formålet med å oppdatere planen er å målrette det vidare arbeidet mot dei viktigaste tiltaka i planen. Utgreiingane i den eksisterande planen ligg framleis til grunn og dei overordna måla ligg fast.
Planarbeidet i 2015 involverte mange aktørar internt og eksternt (helseføretak, private ideelle, private rehabiliteringsinstitusjonar, kommunar, praksiskonsulent, brukarar mfl.). Eit planutkast var på ein brei høyringsrunde til mellom anna alle kommunane i regionen. Oppdateringa i 2021 for å spisse den vidare innsatsen i tråd med den eksisterande planen, har vore ein enklare prosess som har involvert helseføretak, privat ideell, brukarrepresentant, tillitsvalt, Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering og regionalt helseføretak.
Helse Vest legg til grunn at kommunane er involverte i samband med revideringa av utviklingsplanane i helseføretaka der også habilitering og rehabilitering bør inngå. Samarbeid om habiliterings- og rehabiliteringstenestene er inkludert i samarbeidsavtalene mellom kommunane og helseføretaka, og gjennom samarbeidet i helsefellesskapa skal kommunane og helseføretaka planlegge tenester i fellesskap.