1. Tenester tilpassa pasientane

Strategisk mål

Tenestene skal vere tilpassa pasientane sine behov, og gi pasientane mest mogleg nytte, verdi og livskvalitet. Pasientforløpa skal vere gode og samanhengande, med tenester nærmast mogleg pasienten. 

Bakgrunn og utfordring

Mange pasientforløp er i dag delte opp og varierer mellom institusjonane og behandlarane. Organiseringa er òg i for stor grad retta inn mot den enkelte sjukdommen, sjølv om mange av pasientane har eit samansett sjukdomsbilete. Det kan redusere nytten og gjere behandlingsforløpet unødig komplekst for pasienten. Utfordringa speglar seg att i tilbakemeldingane frå pasientane. Dei ber om meir heilskapleg behandling. 

Kombinasjonen av breiddekompetanse og spisskompetanse er ein føresetnad for heilskapleg behandling, men framleis er mykje av verksemda organisert i fagspesifikke strukturar. Det er derfor nødvendig å fremje nye strukturar som organiserer verksemda etter pasientforløp – gjerne i nært samarbeid med primærhelsetenesta.

Utviklingsretning

Brukarmedverknad er viktig for den einskilde pasienten men òg for utviklinga av tenestene. Tilbakemeldingar frå pasientane og aktiv bruk av brukarutvala er sentralt for korleis vi skal utvikle oss og tilpasse tenestene til pasientane. 

Ny teknologi gjer det mogleg å yte stadig fleire spesialisthelsetenester utanfor sjukehusa og i heimane til folk. Pasientar kan dessutan unngå unødig reising og venting, og få betre tenester og opplevingar, ved å bli behandla i eigen heim. Helse Vest har god erfaring med å tilby tenester på denne måten, men potensialet er likevel langt større enn dagens bruk tilseier. Dette potensialet skal vi utnytte betre. Kompetansen og tenestene må i større grad vere tilgjengelege nærmare pasienten, og vi må samarbeide betre digitalt mellom sjukehusa og med primærhelsetenesta. 

Standardiseringa av pasientforløp skal ikkje redusere nødvendig fleksibilitet og tilpassing for den enkelte pasienten eller bruk av klinisk skjønn. Pasienten skal kunne delta i valet av behandling, og få støtte til å meistre eige liv og sjukdom. 

Lenke til Helse Vest si nettside om behandling

Regional tiltaksplan

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.

Lenke til regional tiltaksplan

Oppdatert desember 2022