3. Kvalitet og pasienttryggleik

Strategisk mål

Tenestene skal vere likeverdige og halde høg kvalitet, utan uønskt variasjon. Møtet mellom medarbeidarane og pasientane skal gi meirverdi, og ingen skal døy eller bli skadde som følgje av unngåelege feil og manglar. 


Bakgrunn og utfordring

Arbeidet med kvalitet handlar ikkje berre om å forbetre den faglege kvaliteten i behandlinga. Det handlar òg om pasienten si oppleving av kvalitet. Pasientane skal vere trygge på at dei får ei god behandling, utan uønskt variasjon, uavhengig av behandlingsstad. 


Dersom vi ikkje kan forklare variasjon med ulikskap i helsetilstand eller pasientpreferansar, blir det gjerne kalla uønskt variasjon. Kunnskap om variasjon i kapasitetsutnyttinga skal brukast aktivt som grunnlag for å gi meir likeverdig tilgang til helsetenester. Men temaet er breiare enn dette, og er mellom anna knytt til førebygging, HMS, arbeidsmiljø og trivsel. 

Utviklingsretning

Pasienttryggleik skal vere ein integrert del av systemet og kulturen i Helse Vest og skal kjenneteikne alle arbeidsprosessar og møte med pasientane. Forbetringar skal skje kontinuerleg, og unngåelege skadar skal ikkje skje. Eit trygt arbeidsmiljø og gode rammer for utvikling er òg sentralt for å skape tillit til tenestene og verksemda. 

Pasientane sitt møte med helsetenestene skal gi ein opplevd verdi i form av betre funksjon, høgare livskvalitet, større grad av eigenmeistring eller mental og fysisk lindring. Vi må òg kunne fange helsedata gjennom pasientforløpa, og bruke desse til målingar, kvalitetsforbetring og kommunikasjon med pasientane. 

Spesialisthelsetenesta skal drive med sjukdomsførebyggjande arbeid for å skape ytterlegare verdi for pasientane og samfunnet. Ein del av dette handlar om smittvern og å redusere utviklinga av antibiotikaresistens. Arbeidet skal skje i tett samarbeid med fastlegane, kommunane og fylkeskommunane. Tankesettet rundt vår felles helseteneste skal vere styrande for organiseringa og plasseringa av oppgåver, og for samarbeidet mellom aktørane i helsetenestene.

Lenke til Regional plan for kvalitet og pasienttryggleik 2020-2024

Lenke til Regional plan for smittevern

Lenke til Topp fem risikoområde

Regional tiltaksplan

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.

Lenke til regional tiltaksplan

Oppdatert desember 2022