6. Leiarskap

Strategisk mål

Helse Vest skal rekruttere og utvikle leiarar som kan handtere utfordringane som kjem, og som legg grunnlaget for eit velfungerande arbeidsmiljø der kvar enkelt opplever å vere ein viktig del av heilskapen i Helse Vest. 

Bakgrunn og utfordring

Medarbeidarane skal i strategiperioden bidra i gjennomføringa av store utviklingsløp. Leiarane må derfor kunne involvere medarbeidarane og motivere for kontinuerleg forbetring og resultatoppnåing. Ein av dei viktigaste utviklingsfaktorane er innføring og bruk av nye teknologiske og digitale løysingar. Leiarane må meistre utviklings- og forbetringsløp der teknologi er eit gjennomgåande element. 


Ein stor del av aktiviteten i spesialisthelsetenesta skjer i samband med pasientar med fleire sjukdomar og lidingar. Samtidig blir spesialiseringane fleire og meir avgrensa. Det gjer at pasientforløpa vil involvere stadig fleire behandlarar og fagområde. I tillegg skapar nye og kostbare medisinar og metodar behov for tydelege og gode prioriteringar. 


God kommunikasjon ligg til grunn for god leiing. Leiarane har ansvar for heilskapen i verksemda, og må handtere utfordrande situasjonar gjennom dialog og relasjonsbygging. Leiarane må også kunne prioritere, og kommunisere prioriteringane på ein tydeleg og formålstenleg måte. Sjølvinnsikt er òg ein viktig eigenskap, som saman med eit reelt ønske om å utvikle seg som leiar skal bidra til eit velfungerande arbeidsmiljø der kvar enkelt opplever å vere ein viktig del av heilskapen i Helse Vest 


Forventningane til leiarane aukar. Ivaretaking og oppfølging av og støtte til leiarane er derfor ei viktig oppgåve og ein nødvendig del av leiarskapet. 

Utviklingsretning

Vi må løyse ei rekkje utfordringar for å kunne levere gode nok helsetenester i tilstrekkeleg omfang i tida framover. Då er god og tydeleg leiing ein nøkkelfaktor. 


Mange av dei store utfordringane må løysast tverrfagleg i nettverk og team. I nær framtid skal vi òg yte tenestene på ein annan måte enn i dag. Nye virtuelle tenester gjer det mogleg å utvikle virtuelle team på tvers av einingane og sjukehusa, men det krev ein annan kultur og ei anna type leiing enn før. Ein stor del av leiarane siner oppgåver er derfor å motivere og leggje til rette for å ta inn ny teknologi, og å integrere forsking og innovasjon som ein tydelegare del av den kliniske verksemda.


Leiarane skal ha ei heilskapleg forståing av korleis profesjonane speler saman, og dei må koordinere og skape arenaer for samhandling i og utanfor Helse Vest. Vår felles helseteneste krev at vi jobbar tettare saman, og leiarane må evne å skape samhald og byggje gode team. 

Regional tiltaksplan

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.

Lenke til regional tiltaksplan

Oppdatert desember 2022