7. Medarbeidarane våre

Strategisk mål

Medarbeidarane i Helse Vest skal ha eit godt arbeidsmiljø. Dei skal vere stolte av yrket sitt og ha kompetanse og evne til å handtere framtidig spesialisering og nye oppgåver. 

Bakgrunn og utfordring

Spesialisthelsetenesta må kunne handtere nye oppgåver og utfordringar. Mange oppgåver skal løysast på tvers av tradisjonelle faglege og organisatoriske grenser, både i team og nettverk. Samtidig blir det meir spesialisering. Det vil seie at den enkelte medarbeidaren må ha evne og vilje til utvikling og samspel.

Tilgangen på nye medarbeidarar med rett kompetanse blir stadig knappare. Rekruttering er derfor ei stor og stadig aukande utfordring. Ekstern turnover skapar òg utfordringar. Samtidig har sjukehusa ei nøkkelrolle i utdanninga av helsepersonell og spesialistar, som vi kan dra meir nytte av. Vi ser store moglegheiter for ytterlegare samvirke og gjensidig nytte mellom utdanningssektoren og eit breitt spekter av aktørar i spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta.

Behovet for fagleg utvikling er stort, men ForBedring-undersøkinga frå 2021 peiker på at vi ikkje alltid legg godt nok til rette for det. Påstanden «Eg har fått utvikla meg fagleg til tross for smitteverntiltaka» fekk ein skår på 62 av 100. Samtidig meiner mange medarbeidarar at vi har utfordringar med det fysiske arbeidsmiljøet. Påstanden «Det er eit godt fysisk arbeidsmiljø her» fekk ein skår på 56 av 100. Likevel er engasjementet høgt og oppslutninga om eigen arbeidsplass god. Med ein skår på 89 av 100, fortel medarbeidarane at «Samla sett er eg godt nøgd med å jobbe her». 

Lenke til resultatrapporten for undersøkinga ForBedring 2021

Lenke til Helse Vest sin rapport om ekstern turnover

Utviklingsretning

Medarbeidarane i Helse Vest skal ha høg relasjonskompetanse og bidra til godt samspel med kvarandre, pasientane og dei pårørande. God kommunikasjon er avgjerande for godt samarbeid og tryggleik, og for å gi pasientane best mogleg behandling. Kunnskap om rettleiing og undervisning, i tillegg til samhandling med primærhelsetenesta, vil få meir å seie når vi skal utvikle kompetansen til medarbeidarane. Utdanning, kompetanseutvikling og forsking rundt nye kompetanseområde skal skje i tett samarbeid mellom utdanningssektoren og eit breitt spekter av aktørar i spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta. 

I planperioden vil spesialisthelsetenesta på Vestlandet møte store utfordringar og krav om nye måtar å jobbe på. Medarbeidarane våre skal møte dette med nye verktøy, nye metodar og prosessar, ny organisering og endra oppgåvedeling. I Helse Vest skal det råde ein kultur som legg til rette for og bidreg til kontinuerleg utvikling og forbetring, i godt samspel med medarbeidarane sine representantar. 

Den nasjonale bemanningsmodellen viser at det vil vere stort behov for å rekruttere medarbeidarar i strategiperioden. Vi må derfor halde på medarbeidarane våre, rekruttere folk med rett kompetanse og dra nytte av ulike bakgrunnar, kunnskapar og ferdigheiter. Vi skal òg leggje til rette for fleire heiltidsstillingar, og unngå uønskt deltid.

Regional tiltaksplan

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.

Lenke til regional tiltaksplan

Oppdatert desember 2022