8. Struktur og organisering

Strategisk mål

Helse Vest skal ha ein effektiv struktur og ei organisering med tydeleg oppgåvedeling og høg spesialisering mellom sjukehusa, og best mogleg utnytting av digitalisering, store investeringar og tungt utstyr. 

Bakgrunn og utfordring

Vi skal byggje opp om desentraliserte spesialisthelsetenester nærmast mogleg pasientane. Samtidig fører auka spesialisering og avgrensa tilgang på helsepersonell til at det ikkje er berekraftig å tilby dei same tenestene overalt. Vi må derfor jobbe vidare med funksjonsfordelingar for å byggje opp meir robuste og spesialiserte fagmiljø, samtidig som vi skal behalde eit desentralisert tilbod. 


Føresetnadane er ulike for dei fire lokale helseføretaka, blant anna når det kjem til geografi og talet på innbyggjarar i opptaksområdet. Graden av «eigendekning» og behovet for pasientforløp varierar derfor på tvers av føretaksgrensene. Samarbeidet mellom sjukehusa i det lokale føretaket og mellom sjukehusa i regionen må derfor vere tett og omfattande. 


Helse Vest sin strategi og Nasjonal helse- og sjukehusplan (2016–2019) legg vekt på at sjukehusa skal jobbe saman som eit team i eit forpliktande nettverk. Oppgåvedelinga skal bli tydelegare og spesialiseringa skal auke. Nye virtuelle tenester gjer samtidig mogleg å utvikle virtuelle team på tvers av dei einingane og sjukehusa, men det krev ein annan struktur og ei anna organisering enn før.  

Utviklingsretning

Enkelte spesialiserte sjukehusfunksjonar skal samlast av omsyn til kvaliteten, mens andre funksjonar som innbyggjarane treng ofte, mykje og nært skal vere desentraliserte. Det skal gi pasientane framtidsretta og trygge tenester av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur. 


Regionsjukehuset vil ha det største tilbodet av regionfunksjonar og nasjonale behandlingstenester. Dette er ikkje til hinder for at store akuttsjukehus og universitetssjukehus kan ha regionfunksjonar. Det viktigaste er at sjukehusa har ei formålstenleg spesialisering og oppgåvedeling, og at dei jobbar i eit forpliktande nettverk, som eit team. Helse Vest IKT og Sjukehusapoteka Vest skal fortsetje å yte elementære støttetenester i heile regionen, og legge til rette for felles verktøy, metodar og rutinar. 


Ein av dei viktigaste utviklingsfaktorane er innføring og bruk av nye teknologiske og digitale løysingar. Det skal bidra til å skape "det utadvendte sjukehuset", slik Nasjonal helse- og sjukehusplan (2020–2023) peikar på. Her skal vi nytte blant anna digitale og ambulerande tenester. På enkelte område kan det vere aktuelt å vurdere utprøving av «virtuelle sjukehus», for å sikre eit likeverdig og effektivt tilbod til alle pasientane. Dette er store satsingar som helseføretaka må løyse i fellesskap. 


Organiseringa, oppgåvedelinga og dei store satsingane omtalt ovanfor krev tydeleg leiarskap og god koordinering i føretaksgruppa. Vi skal derfor vidareutvikle formålstenleg møtearenaer for blant anna dei administrerande direktørane, fagdirektørane, samhandlingssjefane og ulike faggrupper for å vidareutvikle samarbeidet og koordinere av verksemda. 

Illustrasjon frå Nasjonal helsesjukehusplan som visar ulike typer sjukehus i nettverk - akutt, elektiv, regional
Illustrasjon av sjukehus som samarbeider i nettverk med andre, som samarbeider med kommunane og som leverer digitale tenester i heimane til folk

Regional tiltaksplan

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.

Lenke til regional tiltaksplan

Oppdatert desember 2022