9. Samhandling med kommunar og fastlegar

Strategisk mål

Pasientar skal oppleve helsetenesta som ei einskapleg eining som handterer informasjon, tenester og behandlingsforløp på ein heilskapleg måte.

Bakgrunn og utfordring

Einskaplege helsetenester og tett samhandling er grunnleggjande føresetnader for å utvikle vår felles helseteneste. Det er i dag etablert eit utstrekt samarbeid mellom ulike yrkesgrupper og fagområde både internt i sjukehusa, mellom helseføretaka, med samarbeidspartnarar i kommunane og private aktørar. Det er likevel behov for å betre samarbeidet og gå opp rolle- og ansvarsfordelingar, for å sikre gode, likeverdige og heilskaplege tenester. Det betyr at vi må utvikle eit samanhengande nettverk mellom primær- og spesialisthelsetenesta, mellom somatikk, psykiatri og rusbehandling, og mellom avdelingar og verksemder i spesialisthelsetenesta. 


IT-løysingane til kommunane, fastlegane og spesialisthelsetenesta legg ikkje godt nok til rette for digital samhandling. Manglande eller forseinka informasjonsutveksling kan utgjere vesentlege utfordringar for både tenestekvaliteten og pasientsikkerheita. Dei aukane utfordringane knytte til økonomi og tilgang på helsepersonell gjer det samtidig heilt nødvendig å jobbe meir effektivt. Det er derfor behov for å utvikle og ta i bruk verktøy som gjer informasjonsutveksling, datadeling og felles planlegging lettare. 

Utviklingsretning

Organisatoriske og faglege grensegangar mellom einingar og nivå skal ikkje vere til hinder for å skape ei teneste prega av koordinert samspel. Med heilskapleg og godt koordinert hjelp frå helsetenestene skal fleire kunne bu heime, trass i betydeleg funksjonstap. Utgreiing og behandling av vanlege tilstandar, også akutte, kan i stor grad skje utanfor sjukehuset. Med utgangspunkt i faglege vurderingar og einigheit, vil kommunane og fastlegane derfor få ei endå meir sentral rolle i pasientbehandlinga. Helsefellesskapa vil i den forbindelse vere viktig for vidareutviklinga av vår felles helseteneste, med kommunane og helseføretaka som likeverdige partnarar.  

 

Vi skal leggje vekt på det som fremjar god helse og oppleving av meistring og velvære. Mobilisering av ressursane til pasienten og dei pårørande må til. Ein del av dette består òg av satsing på førebygging og folkehelse, blant anna for å dempe veksten i behovet for helsetenester. Helseføretaka skal bidra med kunnskap og innsikt, og samarbeid tett med fastlegane, kommunane og fylkeskommunane. Det inkluderer kunnskap og samarbeid om smittevern, og kva primærhelsetenesta og særleg sjukeheimane kan gjere for å førebyggje antibiotikaresistens.  


Virtuelle tenester skal vere regelen heller enn unntaket, og personell frå ulike fagdisiplinar og nivå samarbeide om å tilby dei. IKT-løysingane i spesialisthelsetenesta må derfor samhandle med løysingane i primærhelsetenesta, understøtte lokale og regionale arbeidsprosessar, og leggje til rette for samhandling nasjonalt. Samspelet krev òg at vi byggjer opp nødvendig kompetanse på tvers av profesjonar og nivå, og finn formålstenlege finansieringsløysingar som understøttar samarbeid og nye tenester.

Figur: Arbeidsdeling i helsefellesskap, Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020–2023

Illustrasjon frå Nasjonal sjukehusplan om samhandlingsarenaer mellom sjukehusa og kommunane: Partnerskapsmøtet, strategisk samarbeidsutvalg og faglige samarbeidsutvalg

Regional tiltaksplan

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.

Lenke til regional tiltaksplan

Oppdatert desember 2022