10. Strategisk samspel med dei private

Strategisk mål

Helse Vest skal bruke private aktørar til å byggje opp om vår felles helseteneste som ein samordna og strategisk del av verksemda.

Bakgrunn og utfordring

Private aktørar i helsesektoren, det vere seg avtalespesialistar, ideelle og kommersielle aktørar, er ein viktig del av og eit viktig supplement til dei offentlege helsetenestene. Dei står for ein stor del av spesialisthelsetenestene på Vestlandet, og i framtida må vi nytte potensialet knytt til desse betre. Helse Vest skal ha ei strategisk og bevisst haldning til korleis private aktørar kan skape synergieffektar, og bidra med kapasitet, kompetanse og innovasjon. 

Utviklingsretning

Helse Vest skal i større grad bruke dei private aktørane som eit bidrag til mangfald, tilgjengelegheit, innovasjon, effektivisering, konkurranse, samanlikning og læring. Dei skal bli ein meir samordna del av den offentlege helsetenesta og nyttast inn mot dei strategiske satsingsområda. Føresetnaden for å bruke private aktørar er at innbyggjarane som høyrer til Helse Vest skal få best mogleg tenester med dei ressursane ein har tilgjengeleg. 


Dei private må ha felles eigarskap til og plikter overfor samfunnsoppdraget og dei økonomiske rammene. Det inkluderer ansvaret for å sikre utdanning, opplæring, forsking og innovasjon. Avtalar og samarbeid med dei private skal derfor vere behovsstyrt og innovasjonsfremjande. Rammevilkåra skal vere likeverdige og føreseielege. Finansieringa og vilkåra bør samtidig balansere behovet dei private har for å kunne gjere forsvarlege investeringar, med behovet helseføretaket har for å gjere endringar og tilpasse tenestetilbodet. Dei involverte føretaka må òg ha ei aktiv rolle når ein skal inngå og følgje opp avtalane. 


Private skal kunne ta del i standardiserte pasientforløp og vere ein del av løysinga for å redusere ventetider. Heile behandlingsforløp, kliniske og administrative tenesteområde og institusjonar kan vere aktuelle for privat drift. Saman med private og andre aktørar kan helseføretaka byggje opp ei helseklyngje innanfor forsking og innovasjon på Vestlandet, og utvikle seg som nasjonal og internasjonal aktør.


Vi skal byggje opp om vår felles helseteneste, der mellom anna ansvarslinjer, kommunikasjonsløysingar og fagleg samarbeid blir viktigare. Dei private aktørane må derfor ta del i, og vere forplikta til, arbeidet med og løysingane knytte til standardisering, informasjonsutveksling og IKT. 

Regional tiltaksplan

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.

Lenke til regional tiltaksplan

Oppdatert desember 2022