Dette er ein pilot og ei utviklingsside for planar i Helse Vest. Se ww.helse-vest.no for gjeldende planer
Vi må gjere spesialisthelsetenestene og spesialistkompetansen meir tilgjengeleg, og bruke digitalisering, automatisering og virtuelle tenester når det er mogleg og formålstenleg.
Helseføretaka er gode på dei «fysiske» helsetenestene, men har potensial for å utvikle, drifte og samarbeide betre om «virtuelle» helsetenester i framtida. Med virtuelle helsetenester meiner vi i dag å førebyggje, diagnostisere, behandle og følgje opp pasientar ved bruk av digitale verktøy og kommunikasjonsteknologiar. Mykje skal bli digitalisert og automatisert, og Helse Vest må utvikle seg i tråd med dette. Det vil mellom anna krevje digital modenskap og ei god digital plattform.
Mange av dei store, tunge systema våre er ikkje godt nok tilrettelagd for brukarane. Dei må ofte legge inn nødvendig informasjon fleire stader i fleire system, og når dei skal hente ut informasjon får dei ofte meir enn nødvendig – noko som blir oppfatta som støy. Vi må derfor utvikle arbeidsflater som er tilpassa arbeidsoppgåvene og som fungerer på ein tenleg måte. I dette ligg òg behovet for betre kontroll og eigarskap rundt data- og informasjonselementa. Nye løysingar må bli utvikla med tettare involvering av medarbeidarane og pasientane, og bli gjort på ein enklare og raskare måte enn før.
Medisinskteknisk avdeling ved HUS søkjer etter feil på eit EKG-apparat, i 1991
Ein langt større del av helsetenestene skal finne stad i heimen til den enkelte pasienten. Helse Vest skal ta i bruk nye teknologiske løysingar og bruke digitalisering, automatisering og virtuelle tenester der det er mogleg. Innleggingar og fysiske konsultasjonar skal ikkje finne stad dersom tenesta kan ytast virtuelt med like godt eller betre resultat. Kunnskap og kompetanse som byggjer opp om denne utviklinga skal sikrast, og prosessar og organisering må tilpassast.
Føretaksgruppa har over fleire år investert betydelege i både IKT-, tele- og signalløysingar, samt medisinsk utstyr. Ikkje minst har investeringane i bygg vore store, og fleire store prosjekt er ferdigstilte. Potensialet for å auke gevinstane frå slike investeringar er stort. Vi skal derfor jobbe meir med å hente ut gevinstar frå pågåande og gjennomførte investeringar for å dempe behovet for nye investeringar. Vi kan òg få meir ut av våre eigne satsingar ved å etablere meir formålstenlege strukturar og data for innovasjons- og forbetringsarbeid.
Både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta står føre ei storstilt digitalisering og satsing på teknologi. Vi må derfor støtte opp om og følgje nasjonale initiativ og anbefalingar. Samtidig må vi etablere nye leveransemodellar for smidigare utvikling og raskare innføring av nye teknologiske løysingar. Det vil utfordre både organisasjonen og den enkelte medarbeidaren.
Oppsummert, skal vi
styrke tilbodet av digital tenester til pasientane og dei pårørande
tilby verktøy og arbeidsflater tilpassa brukarrollene og den aktuelle konteksten
auke nytten av eksisterande teknologi og dei store investeringar som Helse Vest har gjennomført
etablere løysingar for samhandling, i tråd med nasjonale anbefalingar
etablere strukturar og leggje til rette data for deling, forsking, innovasjon og anna forbetringsarbeid
etablere nye leveransemodellar for smidig utvikling og raskare innføring av forbetra løysingar
Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen, og er eit overordna supplement til HF-a sine planar og ei rekkje andre regionale planar og program. Innhaldet i tiltaksplanen utgjer derfor berre ein mindre del av den planlagde aktiviteten i Helse Vest. Tiltaksplanen skildrar likevel viktige sentrale tiltak som særleg er meint å frigjere ressursar til pasientretta verksemd og investeringar, og bidra til best mogleg tenester i regionen sett under eitt. Regionalt samarbeid, utgreiingar og tiltak for god utnytting av felles ressursar er derfor prioriterte.
Oppdatert desember 2022