Hovudmål 3:

God samhandling og effektiv ressursbruk i heile pasientforløpet

Skildring av hovudmålet

Vi skal skape eit tettare og betre samarbeid internt i helseføretaket og med samarbeidspartnarane våre, for å byggje opp om vår felles helseteneste. Det skal vi blant anna gjere gjennom å utvikle formålstenlege samhandlingsforum som helsefellesskapa, gjennomføre felles investeringar i teknologi og sikre heilskaplege pasientforløp mellom helseføretaka, kommunane og andre samarbeidspartnarar. Gjennom jamlege kartleggingar og tilbakemeldingsrundar skal vi evne å sjå utfordringane og moglege løysingar gjennom auga til både pasientane, medarbeidarane, leiarane og samarbeidspartnarane våre.

Dagens situasjon og utfordringar

Helsetenestene er sett saman av fleire aktørar innanfor mange ulike fagfelt. Det gir ofte pasientane mange kontaktpunkt dei må forhalde seg til – gjerne i eitt og same pasientforløp. Dette er eit komplekst samspel som vi ikkje får godt nok til i dag. Sjølv om tenestene vi yter samla sett er gode, gir pasientar og pårørande tilbakemeldingar om at tenestene i mange tilfelle ikkje hengjer saman. Dei må oppgi same informasjon fleire gongar, ventetidene kan vere unødvendig lange og uønskt variasjon oppstår. Vi brukar heller ikkje ressursane våre optimalt, og det gir heile helsesektoren utfordringar med å yte gode og berekraftige tenester på sikt.

Oversikt over hovudtema og tilhøyrande innsatsområde

Utviklingsplanen legg særleg vekt på områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Samtidig er strukturen og innhaldet tilpassa den nasjonale rettleiaren for utviklingsplanar. Med bakgrunn i dette, har vi skildra totalt 15 innsatsområde som skal støtte opp om dei fire hovudtemaa. Nedanfor er innsatsområda delte inn etter hovudtemaa. Det er likevel verd å merke seg at eitt innsatsområde gjerne kan vere relevant for fleire tema.

Oppdatert desember 2022