Hovudmål 1:

Trygge og nære helsetenester, med aktiv pasientdeltaking og heilskapleg behandling

Skildring av hovudmålet

Målet handlar om at pasientane skal vere trygge på at dei får hjelp når dei treng det. Vi skal lytte til pasientane, informere dei og byggje opp om at dei kan ta eigne val og medverke i behandlinga. I den forbindelse er òg dei pårørande ein viktig ressurs. Nye og digitale tenester skal bidra til at pasientane opplever tryggleik og meistring. Samtidig skal dei få behandling av høg kvalitet, utan uønskt variasjon (variasjon vi ikkje kan forklare ut frå ulikskap i helsetilstand eller pasientpreferansar). Behandlinga skal vere heilskapleg, sjølv når fleire einingar og aktørar er involverte behandlingsforløpet. 

Dagens situasjon og utfordringar

Informasjon frå pasienterfaringsundersøkingane fortel at pasientar og brukarar i helseføretaka i Helse Vest generelt er godt nøgde, og meiner at det har vore forbetringar over tid. Dei melder likevel tilbake om fleire utfordringar:

Vi veit òg at introduksjonen av nye digitale tenester blir oppfatta som utfordrande for mange, særleg eldre. For at vi skal kunne hente ut gevinstane slike tenester kan gi, må vi sørgje for at pasientane er i stand til og trygge på å bruke dei. Det gjeld òg dei pårørande, som vi kan involvere enda betre enn i dag.  

Lenke til undersøking om pasientane sine erfaringar med somatiske helsetenester i Helse Vest 

Lenke til undersøking om pasientane sine erfaringar med psykisk helsevern i Helse Vest

Oversikt over hovudtema og tilhøyrande innsatsområde

Utviklingsplanen legg særleg vekt på områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Samtidig er strukturen og innhaldet tilpassa den nasjonale rettleiaren for utviklingsplanar. Med bakgrunn i dette, har vi skildra totalt 15 innsatsområde som skal støtte opp om dei fire hovudtemaa. Nedanfor er innsatsområda delte inn etter hovudtemaa. Det er likevel verd å merke seg at eitt innsatsområde gjerne kan vere relevant for fleire hovudtema.

Oppdatert desember 2022