Hovudmål 2:

Ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon

Skildring av hovudmålet

Medarbeidarane er den viktigaste ressursen i Helse Vest. Vi må derfor ha ei leiing og ein organisasjon som er attraktiv for nye medarbeidarar, og som legg til rette for at dei utviklar og bruker kompetansen og kapasiteten sin best mogleg. Dei skal meistre jobben sin, og kommunisere godt med pasientane. Vi skal ha eit godt arbeidsmiljø, der systematisk arbeid med HMS, kompetanse og pasientsikkerheit underbyggjer kvarandre, og gir trygge rammer både for medarbeidarane og pasientane. Det er gjennom samspelet mellom medarbeidarar og leiarar, individuell handlekraft og tilliten den enkelte skaper, det blir mogleg å få til det ekstraordinære som ein del av det ordinære.

Dagens situasjon og utfordringar

Medarbeidarane liker arbeidsstaden sin, og er stolte over yrket sitt. Likevel opplever mange utfordringar i jobbkvardagen. Dei er ofte pressa på tid, og fortel at dei ikkje får gitt pasientane god nok oppfølging. I tillegg kan det vere vanskeleg å få tilgang til rett informasjon til rett tid. Medarbeidarane må ofte bruke mykje tid på å samle inn eksisterande informasjon særleg når pasientane har vore innom andre deler av helsetenesta.

I enkelte tilfelle opplever medarbeidarar at dei ikkje har dei rette kvalifikasjonane. Andre gongar gjer dei oppgåver dei er overkvalifiserte for, eller som er langt utanom avtalt arbeid. Vi har òg utfordringar med ugunstige turnusar og stillingsstørrelsar. Samtidig blir tilgangen på nye medarbeidarar med rett kompetanse stadig knappare. Om vi skal nå måla vi set oss, og handtere utfordringane vi står overfor, må vi evne å dra betre nytte av vår viktigaste ressurs – medarbeidarane.

Oversikt over hovudtema og tilhøyrande innsatsområde

Utviklingsplanen legg særleg vekt på områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Samtidig er strukturen og innhaldet tilpassa den nasjonale rettleiaren for utviklingsplanar. Med bakgrunn i dette, har vi skildra totalt 15 innsatsområde som skal støtte opp om dei fire hovudtemaa. Nedanfor er innsatsområda delte inn etter hovudtemaa. Det er likevel verd å merke seg at eitt innsatsområde gjerne kan vere relevant for fleire tema.

Oppdatert desember 2022