Dette er ein pilot og ei utviklingsside for planar i Helse Vest. Se ww.helse-vest.no for gjeldende planer
Planar i Helse Vest skal følgje desse prinsippa:
V iktigast
E nderingsorientert
S trategisk
T ydeleg og tilgjengelig
Prinsippa er førande i Helse Vest sin planstrategi.
Helse Vest har ein felles prosess som definerer korleis vi sett i gang med, gjennomførar og følgjer opp planar.
Planane skal innehalde område som skal ha særleg merksemd i åra framover. Områda, som blir omtalt som innsatsområde, blir valt ut ved å tilfredsstille fleire av dei følgjande kriteria:
Området er ikkje godt nok adressert i eksisterande normerande dokument eller strategiar.
Det er sannsynleg at ei regional prioritering vil gi betre pasientbehandling.
Området har stort potensial for forbetring av tenestene.
Det er konkrete tiltak som kan setjast i verk.
Området kan bli følgt opp og målt gjennom formålstenlege indikatorar.
Nye planar i Helse Vest skal fortrinnsvis vere digitale. Med det meiner vi at planane skal vere utforma og bygd opp med tanke på digital bruk og formidling. Vi skal dra nytte av moglegheitene digitaliseringa gir, blant anna når det kjem til kommunikasjon, oppdateringar, bruk av datakjelder og virtuelle og interaktive verkemiddel. Sjølve innhaldet blir òg presentert på ein ny måte. Hovudbodskapen blir løfta fram og tydeleggjort, mens bakgrunn og faglege utdjupingar er tilgjengeleg gjennom lenker og vedlegg. Meir strukturert informasjon legg dessutan til rette for betre rapportering og kopling av styringsdata.
Planane blir reviderte jamleg av ein redaksjonskomité. Planane har dessutan ein fagleg ansvarleg som òg er redaktør for planen. Ansvaret for å følge opp tiltaka følger linjeleiinga, redaksjonskomiteen sitt ansvarsområde er avgrensa til sjølve planen. Nye fokusområder kan bli fasa inn i planen om redaksjonskomiteen finn det tenleg, etter vanleg saksførebuing og handsaming i leiande organ i føretaka. Dersom eit innsatsområde ikkje lenger tilfredsstiller kriteria for å vere ein del av planen, vil det bli avslutta og fjerna frå planen.
Planane tek utgangspunkt i felles statistikk, informasjon og datagrunnlag.
I plansystemet i Helse Vest finn du ei rekkje planar på ulike nivå, og med ulikt innhald. Samanhengen mellom plandokumenta kan du lese meir om her: Lenke til Plansystemet i Helse Vest
Spesialisthelsetenestene er underlagt ei rekkje lover, forskrifter og føringar. Her finn du meir informasjon om dei mest sentrale delane, og korleis dei heng saman også med interne styringsdokument og styringsprosessar i Helse Vest.
Planane byggjer på felles malverk og nyttar felles verktøy.
Les meir (Under utarbeiding)