Overordna planprinsipp og planstrategi i Helse Vest
Kvifor planstrategi?
Helse Vest har ein planstrategi for å ha ein overordna og heilskapleg tilnærming til planarbeid.
Planprinsippa i Helse Vest
Planar i Helse Vest skal vere korte, presise og peike framover.
Dei følgjer eit sett med felles prinsipp, som vi kallar VEST.
Planane og planprosessane skildre ikkje alt vi gjer, men fokuserer på områda som kan gi størst nytte for pasientane og medarbeidarane.
Planane er predikative og normative, ikkje deskriptive og bakoverskuande
Planane er oppdaterte, og vi skal måle endringane og gjennomføringa
Planane er i tråd med og understøtter dei strategiske føringane i nasjonale styringsdokument og den regionale verksemdstrategien Helse 2035
Planane har ein tydeleg bodskap
Planane har ha eit heilskapleg perspektiv, men skildrar ikkje alle detaljane
Planane er digitale og lett tilgjengelege