Område 4: Informasjonsflyt, pasientforløp og prioritering

Kort om innsatsområdet

Ein kan sjå på tilstrøyminga av tilvisingar til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB )som eit kontinuerleg uttrykk for trongen for slike helsetenester i befolkninga. Eit samla oversyn over dette føreset at alle tilvisingar går gjennom ein kanal. Blant anna anbefalte eit nasjonalt utgreiingsoppdrag om TSB å gjere ein markant reduksjon i talet på einingar som vurderer tilvisingar. Du kan lese heile rapporten her.

Kvaliteten av kvar einskild tilvising er grunnlaget for å vurdere om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp. Over tid har gjennomsnittleg kvalitet på tilvisingane blitt betra, men det er rom for forbetring. Basert på informasjonen i tilvisingane blir det vurdert rett til helsehjelp og indikert prioritet gjennom tidsfrist for når helsehjelp skal starte. Dette arbeidet vil bli lagt til helseføretaka i tråd med føringane i det nasjonale utgreiingsarbeidet om TSB.

Når pasienten har fått rett til nødvendig helsehjelp, er det naudsynt å vurdere kva som vil være rett behandlingstilbod og vurdere kva som er tilgjengeleg innan tidsfrist. Her må også pasienten sine ønske komme klart fram. For å vurdere riktig behandlingstilbod skal helseføretaket samarbeide med alle tenesteytarar i sitt område.

Før, under og etter eit behandlingsforløp i spesialisthelsetenesta skal tenesteytarane i kommunen og spesialisthelsetenesta ha dialog. To konkrete døme på slik dialog er tilvising og epikrise.

Les meir om Stayer-studien og kvalitet i pasientforløp i det vedlagde dokumentet.

Vedlegg 4 Kvalitet i behandlingsforløp - Stayer-studien.pdf

Konkrete mål

Arbeidet med å forbetre kvaliteten på tilvisingar skal bli prioritert, gjennom eit samarbeid med fastlegar og andre som tilviser pasientar.

Tilvisingar til TSB skal i kvart føretaksområde bli sendt til ei eller få vurderingseiningar som er organisert i helseføretaket.

Pasientar som får rett til nødvendig helsehjelp skal få tildelt konkret behandlingsplass på ein måte som er samordna mellom aktuelle tenesteytarar i området.

I løpet av 2021 skal einingar organisere planlagd utskriving på ein slik måte at epikrise for døgnopphold er sendt elektronisk til tilvisar og eventuelt til andre i kommunen som skal ha ansvar for pasienten, som hovudregel før pasienten fysisk har forlate eininga, og seinast innan 1 dag etter utskriving.

Tiltak for å nå mål

  1. Utarbeide mal for elektronisk tilvising i samarbeid med tilvisar

  2. Vurdering av rett til nødvendig helsehjelp innan TSB skal skje i helseføretaka og ikkje hos private leverandørar av TSB

  3. Helseføretaka skal sikre at dei har eit strukturert samarbeid med private avtaleleverandørar innan TSB for pasientlogistikk.

  4. Organisere arbeidsprosessar slik at epikrise for planlagt utskriving frå døgneining er klar som hovudregel før pasienten fysisk har forlate eininga, og seinast innan 1 dag etter utskriving.

Indikatorar på måloppnåing

  • Mal for elektronisk tilvising er på plass

  • Tal tilvisingar som gir tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere rett til helsehjelp

  • Del tilvisingar som blir handsama gjennom føretaksstrukturen

  • Del epikriser frå døgnopphald som er sendt med registrert epikrisetid = 0

Regional plan for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)