Regional plan for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
Innleiing og bakgrunn
Helsedirektoratet har gitt ut fleire nasjonale rettleiarar som greier ut fagleg praksis på fagområdet tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), samt pakkeforløp som strukturerer forløpet for pasientar i diagnostikk og behandling. I tillegg finst fleire sentrale strategidokument, både nasjonale og regionale, som gir retning for organisering av tenesta. Eksempel er Nasjonal helse- og sjukehusplan og strategien til Helse Vest, Helse 2035. Dei årlege oppdragsdokumenta konkretiserer strategiar og mål.
I arbeidet med regional plan for TSB har Helse Vest RHF valt ut innsatsområde som skal få særleg merksemd i åra framover. Les meir om korleis vi lagar planar og prioriterer innsatsområde her.
Regional plan for TSB er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med deltakarar frå alle helseføretaka i Helse Vest RHF, Regionalt Brukarutval, Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest (KorFor) og det regionale helseføretaket. Regional plan TSB har og vore tema i møte med konserntillitsvalde. Kommunar og private leverandørar av TSB har vært inviterte til å komme med skriftlege innspel til planen.
Innsatsområde
Nedanfor kan du lese meir om innsatsområda i planen. Ved å følgje lenkene til dei ulike områda får du informasjon om bakgrunn, mål, tiltak og indikatorane vi brukar for å følgje opp utviklinga.
Spørsmål og svar
Her finn du svar og tilbakemeldingar på tidlegare stilte spørsmål og innspel.
1. Kvifor har vi ein regional TSB-plan?
Helse Vest har ein plan for TSB for å koordinere innsatsen og sette fokus på områder som må få særskild merksemd i åra framover.
2. Kven gjennomførar planen?
Helseforetaka og samarbeidsaktørane i Helse Vest står for gjennomføringa av planen, og Helse Vest RHF sikrar koordinering og oppfølging av planen.
3. Kvifor er planen så kort
Helse Vest RHF ønsker å gå vekk frå lange, statiske plandokument og over på ein meir dynamisk og digital måte å planlegge på. Dette betyr:
Vi vil gjere planene korte og konsise
Vi gjentek mist mogleg tekst frå andre dokument, men peiker på og lenker til relevant underlag og informasjon
Tiltaka i planen byggjer på og kjem i tillegg til eksisterende aktivitet
Vi forsøker ikkje å inkludere alt, men fokuserer på dei vesentligste endringsområda som krev fokus
Tilnærminga har vi kalla Neste Generasjon Plan
4. Kva er TSB?
Tverrfaglig spesialisert behandling av ruslidelser (TSB) er den norske betegnelsen på tjenester som utfører rus- og avhengighetsbehandling på spesialistnivå.
At tjenestene er tverrfaglige, betyr at de skal utføres av personell med medisinsk, psykologisk og sosialfaglig kompetanse