Område1: Digitale helsetenester - samhandling med pasientane

Kort om innsatsområdet

Digitale helsetenester innan rusbehandling inkluderer både utvikling av behandlingsretta tenester (til dømes eMeistring), registreringsverktøy der pasienten må bidra i registreringa (til dømes feed-backverktøy og kvalitetsregister) og utviklinga av praktiske verktøy for samhandling (til dømes videokonferanse).

Pasienten sitt funksjonsnivå skal bli vurdert opp mot utbytte av digitale helsetenester, dette gjeld både om pasienten vil ha nytte av digital behandlingstjeneste, om pasienten kan ta ansvar for sjølvrapportering eller registrering, og om pasienten har tilgang til teknisk utstyr som gjer det mogeleg med digitale helsetenester. Det bør også leggast vekt på kva pasienten ønsker.

Vil du lese meir om digitale tenester innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)? Ta ein titt i refleksjonsdokumentet frå Helse Stavanger.

Vedlegg 1 E-terapi for polikliniske pasienter i TSB.pdf

Konkrete mål

  • Digitale hjelpemiddel vil i aukande grad bli nytta innan TSB som i resten av helsetenestene. TSB einingane skal sikre at ein utvikler innsikt i og kompetanse innan digitale helsetenester. Digitale helsetenester skal bli tilpassa behov og kompetanse hos pasientane, slik at pasientane opplever god kvalitet og god nytte av tenestene.

  • Tilsette skal oppleve redusert krav til manuell rapportering ved oppbygging av automatiske rapportar som vil bli lagt i styringsportalen, og ved å innføre ny teknologi der dette kan erstatte rapporterings- og registreringsbyrde

Tiltak for å nå mål

  1. Helse Vest RHF må gjennom målretta bruk av ressursar (og gjennom Helse Vest IKT) sikre at maskinvare og programvare er tilgjengeleg for tilsette i føretaka, slik at det er mogeleg å auke bruken av digitale helsetenester.

  2. Helse Vest RHF må sikre at også Helse Vest IKT samarbeider med pasientorganisasjonar og kommunar for å bidra til at pasientane kan nytte eige eller kommunale digitale verktøy for å kunne samarbeide digitalt med spesialisthelsetenesta.

  3. Tilsette skal få utvida opplæring i bruk av digitale verktøy for å auke bruken av digitale helsetenester (der opplæringa også vil være digitalt basert).

  4. Innføre eMeistring for rusmiddelavhengige i alle helseføretak (les meir om Helse Bergen sitt prosjekt her)

  5. Vidareutvikle og innføre eventuelle andre digitale/interaktive behandlingsprogram

  6. Helse Vest RHF vil jobbe for at KvaRUS blir lagt inn i CheckWare

Vurderer du å endre alkoholvanane dine?

Vi søkjer unge vaksne, middelaldrande og eldre til ei studie om internettbasert behandling.

Behandlinga går over 8 til 12 veker. Du les sjølvhjelpsmodular, løyser oppgåver, og har kontakt kvar veke med terapeut via internett.

Les meir om behandlinga her.

Indikatorar på måloppnåing

  • Aktivitetar og ressursbruk til digitale helsetenester i Helse Vest IKT

  • Aktivitetsregistrering av alle former for digitale helsetenester

  • Implementert eMeistring for rusmiddelavhengige

  • Implementert eventuelle andre digitale/ interaktive behandlingsprogram

  • KvaRus er tilgjengeleg i CheckWare

Regional plan for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)